Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Rogaland STAVANGER

Kva nå, distrikts-Norge?

Overview

Store delar av distrikts-Norge har dei siste åra protestert mot kommune- og fylkessamanslåingar, nedlegging av lensmannskontor, samanslåing av sjukehus, nedlegging av skular og andre tiltak som er blitt oppfatta som statleg styrt sentralisering. Sjølv om næringslivet i store delar av distrikta går bra, slit utkantane med å halda folketalet oppe.

Kva nå, distrikts-Norge?
Tid: Fredag 29. oktober kl. 18:00 – 19:00
Sted: Norsk oljemuseum
Pris: 150 kr / 75 kr
Store delar av distrikts-Norge har dei siste åra protestert mot kommune- og fylkessamanslåingar, nedlegging av lensmannskontor, samanslåing av sjukehus, nedlegging av skular og andre tiltak som er blitt oppfatta som statleg styrt sentralisering. Sjølv om næringslivet i store delar av distrikta går bra, slit utkantane med å halda folketalet oppe.
Distriktsprotesten har gitt Senterpartiet vind i segla, og andre parti har forsøkt å følgja opp i kampen om utkantveljarane. Spørsmålet er om me etter stortingsvalet vil få forsøk på ein ny og meir ambisiøs distriktspolitikk. Men kva skal til for å snu folketalsutviklinga? Finst det nye verkemiddel som kan tas i bruk når dei gamle ikkje har vore tilstrekkelege? Må dei statlege reformene reverserast? Og til sjuande og sist: Kor mykje kan ein realistisk sett forventa å oppnå med offentlege tiltak i distriktspolitikken?
Deltakarar:
- Geir Pollestad, stortingsrepresentant Senterpartiet
- Bothild Nordsletten, redaktør i Bondevennen
- Skjalg Fjellheim, politisk redaktør i Nordlys
- Victor Norman, økonomiprofessor, leiar av det regjeringsoppnemnde utvalet som analyserte demografiutfordringar i distrikta
Ordstyrar er Tom Hetland, historikar, journalist og kritikar.
Foto: Sune Eriksen

  • Last Updated: 15.10.2021
  • Source: Region Stavanger
Dates

fr. 29. oktober 2021 18:00

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Kva nå, distrikts-Norge?
Your Recently Viewed Pages