Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Trøndelag Trondheim

Kva skal vi med sidemål i Trøndelag?

  • Kongens gate 2, Trondheim
  • 72 54 75 00
  • 22. september 2017
  •  /  12:30
  •  /  Price NO
  • (1 Upcoming Dates)
Overview

Trønderlaget og Noregs Mållag har gått saman om å lage haustseminar i Trondheim. Det byrjar fredag med ein motivasjonsdag spesielt retta mot lærarar i ungdomsskulen og vidaregåande skule. Det er ope for alle, fordi vi trur dette seminaret kan vere interessant for fleire. Fredag 22. september: Motivasjonsdag 12.30 Registering og lunsj 13.15 Velkomen til nynorsk motivasjonsdag ved Jan Sørås 13.20 Kulturell opning ved Geir Egil Larsen 13.30 Kvifor sidemålsundervisning i Trøndelag ved Kirsti Lunde 14.15 Korleis leggje opp ei god undervisning i nynorsk sidemål ved Torgeir Dimmen 14.45 Pause 15.00 Leselyst på nynorsk. Tips til gode ungdomsbøker og til kva kan biblioteket tilby ved Anniken Bjørnes og Vidar Lund 15.45 Lokal musikk i opplæringa ved Geir Egil Larsen 16.00 Erfaringar med sidemålsundervisning i klasserommet ved Espen Tørset, Magne Aasbrenn og Ellinor Bustad 17.00 Slutt Fredag 22. september: Haustseminar 17.15 Velkomen til haustseminar ved Magne Aasbrenn og Jan Sørås 17.30 Kva har bruk av nynorsk litteratur og lesing på nynorsk å seie for språklæringa blant barnehageungane ved Aasfrid Tysvær 18.30 Kva kan Nynorsksenteret tilby i bokmålsland ved Torgeir Dimmen 19.15 Slutt for dagen 20.00 Felles middag. Kulturelt program ved Guri Sørumgård Botheim og Sigurd Brørs Laurdag 23. september: Haustseminar 09.30 Sambandet mellom politisk makt og oppfatningar av språk i historisk ljos ved Ivar Berg 10.30 Sørsamisk målreising ved Inger Johansen 11.30 Beinstrekk 11.45 Kva kan me vente av læreplanfornyinga etter Ludvigsen- utvalet og ny generell del? ved Roar Madsen 13.00 Lunsj 14.00 Kva kan vi forvente oss av språkpolitikken denne fireårs- perioden? ved Jens Kihl 14.45 Bruk av sosiale medium i lokallaga ved Inger Johanne Sæterbakk 15.45 Slutt Påmelding: send e-post til Per Henning Arntsen, per.arntsen@nm.no. Han vil også kunne svare på praktiske spørsmål, tlf. 23 00 29 35. Pris for seminaret: For begge dagane inkludert lunsj og middag: 700 kroner. Hotellovernatting: Enkeltrom: kr. 790,- / Dobbeltrom: kr. 890,- Trønderlaget støttar medlemer i mållaga i Trøndelag med 400 kr for overnatting. Betaling: Bruk kontonummer 3450.19.80058. Merk innbetalinga med “Haustseminar” + kva og kven du betalar for. Ta kontakt om du ynskjer faktura. Studentar / deltakarar frå Norsk Målungdom får delta gratis og betalar ordinær pris på måltid og overnatting. Lokallag med lite pengar er velkomne til å søkje reisestøtte hjå Noregs Mållag. Send søknad på førehand med resultatrekneskapen frå i fjor til gro.morken@nm.no eller ring 23 00 29 37. Lokallag i Nord-Noreg vert prioritert.

  • Source: Trondheim Events
Dates

fre 22. september 2017 12:30

See All
Kva skal vi med sidemål i Trøndelag?
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad