Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Kvinna i svart

Mer info

Vi opnar haustsesongen med ein grøssar av Susan Hill! Dersom du kjøper billettar innan 1. august, kan du få eit godt tilbod og billettar til berre kr 250! (ord. pris kr 440). Legg inn koden DVT24 i kampanjefeltet før du veljer billett.

Mange kjenner stykket frå London der det har vore spelt i mange år. No lagar vi på Det Vestnorske vår versjon, med Yngve Sundvor på regi og med skodespelarane Cato Skimten Storengen, Øystein Martinsen og Vilde Biserød Vengnes. Stykket skal spelast på Hovudscenen på DVT og har premiere fredag den 13. september.

Litt om handlinga

Ein advokat er besett av ei forbanning som han meiner har blitt kasta over han og familien hans av spøkelset Kvinne i svart. Han betaler ein skeptisk skodespelar til å hjelpe han med å fortelle den skremmande historien hans, og drive ut frykta, som har tatt eit grep om sjela hans. Det byrjar uskyldig nok, men etter kvart, når dei kjem lengre inn i dei mørkaste minna hans, finn dei seg fanga i ei verd av nifse våtmarker og ulande vindar.

Stykket gjekk kontinuerleg i 13 232 framsyningar i London frå urpremieren i 1989 til 2023, og blei det nest lengst spela teaterstykket i London etter “Musefella” av Agatha Christie, og er ein av dei største og mest skremmande suksessane innan britisk teater.

Dette er ei framsyning som feirar teateret si evne til å dra publikum inn i ein fiksjon – og er skumlare enn nokon skrekkfilm!

Teatersjefen vår, Thomas Bye, har sjølv sett framsyninga heile 7 gonger i London – og han elskar ho! - Det er det skumlaste eg nokon gong har sett, seier Thomas. 

Alder: Frå 15 år
Varigheit ca 2 timar med pause

Av: Susan Hill

Dramatisert av: Stephen Mallatratt

Det er Yngve Sundvor som har regien, og set stykke om frå engelsk til nynorsk.
Skodespelarar: Cato Skimten Storengen, Øystein Martinsen, Vilde Biserød Vengnes.

Sist oppdatert: 06/17/2024

Kilde: Visit Bergen

Sider du nylig har besøkt