Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Kyrkjekonsert med The Last Hurrah (!!) Big Band

Mer info

Hans Petter Gundersens prosjekt The Last Hurrah (!!) har gjeve ut fire album sidan 2011, og alle har høsta fantastisk kritikk i inn og utland. Det siste albumet, Modern Nostalgia, kom ut i fjor og fekk heile 9/10 i britiske Maximum Volum og 8/10 i Americana UK.

I tida frå 2011 har over 30 musikarar frå øvste hylle vore innom. Me kan nemna: Jon Irabagon, Miranda Lee Richards, Nils Einar Vinjor, John Thomas, Marty Rifkin, Silje Solberg og Jørgen Sandvik. Av geografiske årsaker har The Last Hurrah(!!) halde få konsertar, men om dei få som er haldne, som på Bergensfest med Miranda Lee Richards, og på Vossajazz, går det framleis gjetord.

HP har sett saman eit spesielt utval frå katalogen sin, som han meiner vil høva i kyrkjerommet. I tillegg til den noverande bandkonstellasjonen, får me også eit møte med den engelske pedal steel gitaristen Sara Jory, som skal spela på Mjøsvågen Landhandleri seinare på kvelden. Dette vil garantert bli ei unik oppleving!
Medverkande musikarar:
Hans Petter Gundersen: gitar
Maria Due: vokal, gitar, perkusjon
Sgt Petter: gitar, piano, vokal
Cecilie Leganger: piano, kyrkjeorgel, theremin
Sarah Jory: pedal steel gitar
Ben Eriksen: gitar, mellotron, piano
Nora Yuyue Zheng:  guzheng
Andreas Naustdal: bass
Stein Inge Brækhus: trommer

Sist oppdatert: 05/24/2024

Kilde: Visit Bergen

Sider du nylig har besøkt