Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Lærdalsmarknaden

Mer info

Velkomen til den største friluftsmarknaden i Lærdal, som har om lag 15.000 besøkande

Dette er sommarmarknaden, der møte mellom folk, underhaldning og handel går hand i hand.

Med det etter måten lette sambandet mellom aust og vest i Norge, som gjekk gjennom Lærdal, vart det tidleg ein marknadsplass på Lærdalsøyri. Då det starta i 1596 varde marknaden heile 8 dagar og starta 8 dagar etter Mikkelsmess. Frå 1836 var det påbod om at marknaden berre skulle vara i 4 dagar.

I 1876 vart det ved kongeleg resolusjon sett punktum for den gamle marknaden. Men i 1982 tok nokre eldsjeler oppatt den gamle tradisjonen og no vert det kvart år gjennom stor lokal dugnadsinnsats arrangert “Lærdalsmarknad” tredje helga i juni og “Haustmarknad” i månadsskiftet september/oktober. Begge marknadene går framleis føre seg i det idylliske trehusmiljøet på Lærdalsøyri. Folk handlar i bodene, ser på utstillingar, kjøper seg mat, nyt variert underhaldning frå scena og møter trivelege folk.

Sist oppdatert: 01/09/2024

Kilde: Visit Sognefjord AS

Sider du nylig har besøkt