Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Trøndelag Trondheim

Lansering: Tankespinn av Kari Stai

  • Kongens gate 1, Trondheim
  • 72547500
  • 30. september 2017
  •  /  12:00
  •  /  Price NO
  • (1 Upcoming Dates)
Overview

Velkommen til lansering av den nye boka til Kari Stai! Denne gongen har Stai skrive ei vakker og klok bok om det som rører seg i hovudet vårt av fantasi og tenkte katastrofar. Til lanseringa kjem òg ein hjerneforskar som kan svare på vanskelege spørsmål om tankar og kva tankar er. Tankespinn handlar om Ada. Med fantasien tek ho både seg sjølv og bestevennen Rolf lett opp i verdsrommet. Rolf blir alltid med Ada på det flygande teppet hennar og i kastanjeraketten. Men då den nye jenta kjem inn i gata med ein trampoline, vil heller Rolf ned og få fart og spenning på ekte. Tankane til Ada slår knute og blir tunge som store steinar. Med Tankespinn har Kari Stai skrive og illustrert ei forteljing om alle dei tankane som kan krølle seg som spagetti inni eit lite hovud, og kva som kan skje når ein tenkjer utan å dele tankane sine med nokon. Litteraturhuset i Trondheim er stolte over å ønske velkommen til lansering av Kari Stais nye bok for barn. Vi er òg glade for at nevrolog Joan Crespi Vidal frå NTNU og St. Olavs Hospital kjem for å fortelje om tankar og korleis dei oppstår. Lanseringa er gratis, og det vil bli mogleg å kjøpe boka etterpå. Kanskje kan du òg få Kari Stai til å skrive i ho? Stad: Barneavdelinga, Trondheim folkebibliotek.

  • Source: Trondheim Events
Dates

lør 30. september 2017 12:00

See All
Lansering: Tankespinn av Kari Stai
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad