Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Hallingdal Ål

Leikskeid 2018

Overview

Etter ein times vandretur innover i fjellheimen frå parkeringsplassen i Toviken kjem du til Iungsdalshytta, der du gjennom fleire timar kan nyte fantastisk musikk medan du kosar deg med verdas beste rummegraut og annan nydeleg fjellmat med godt drikke attåt. Alt skjer ute i den frie natur, så i tillegg til den storslåtte konsertopplevinga, vil også fjellområdet som omkransar arrangementet kunne ta pusten frå deg.



Vertskap frå Iungsdalshytta og Ål kulturhus ynskjer for tiande gong velkomen til årets vakraste konsertopplevingi Hallingdal.



Servering av rummegraut ved ankomst Iungsdalshytta er inkludert i billetten. Annan mat og drikke (middag) kan du kjøpe på Iungsdalshytta. Det er bar inne på området, men ikkje lov til å nyte medbragt alkohol.  Hugs at det er bomavgift ved Rødungstølen (ta med kontant!). Parkering i Toviken, og derifrå er det ca 1 times gåtur (ca 4 km) i lett terreng og etter godt merka stig inn til Iungsdalshytta. Det er også mogleg å tinge båtskyss. Ta gjerne med deg teltet og bli i Iungsdalen heile helga! 



NB! Spørsmål om overnatting og båtskyss stiller du direkte til Iungsdalshytta på telefon 97 58 93 94.

 

  • Last Updated: 15.09.2017
  • Source: Hallingdal Reiseliv
Dates

lør 18. august 2018 0:00

See All
Leikskeid 2018
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad