VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Møre og Romsdal

Livet i tre versjoner

Overview

Komedie om tidsklemma og kaosteori

Når den ressurssterke kjernefamilien opnar dørene til den stilsikre heimen sin slås det sprekkar i borgarskapets sjarm. Kvelden utspeler seg tre gonger – med ulikt utfall kvar gong; morosamt og til å kjenne seg igjen i.  

Henri er midt i - eller er det etter - leggetid for Arnaud som er seks år og vil ha sjokoladekjeks. Kanskje han fell til ro med eit halvt eple? Sonia er ikkje einig om strategien og guten har tross alt pussa tennene. Plutseleg ringer dørklokka og der står Henris sjef og kona hans. Ein dag for tidleg!   

Henri er klar for å stige i gradene som astrofysikar, - å invitere til middagsselskap er ein nøye kalkulert plan. Kva no? Det er berre sjokoladekjeks og saltstenger i kjøkkenskapet. Godt dei har noko vin ståande. Den i utgangspunktet sjarmerande samtalen avdekker etter kvart ulike undertrykte kjensler … og snart er det tomt for saltstenger.  

I spennet mellom dei store spørsmåla om verdsrommet og våre små daglegdagse problem er vi overlatne til det tilfeldige. Små endringar i humør og temperament endrar ikkje berre denne kvelden, men også framtidsutsiktene for både karrierar og familie. Intellektuelle, psykologiske og forførande strategiar brukast i maktkampen som utspeler seg, og både kjønnsrollemønster, karrierejag og foreldrerolla dissekerast med situasjonskomikk og kvardagsironi.

  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Dates

to. 23. april 2020 19:00 20:30

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Livet i tre versjoner
Your Recently Viewed Pages