Livsgledesløyfa 2021 - Det beste Bryne har å by på!
Livsgledesløyfa 2021 - Det beste Bryne har å by på! Opplev 10 serveringsstader på Bryne i løpet av ein ettermiddag. Livsgledesløyfa tek deg med på ein rundttur i Bryne der du i løpet av nokre timar vil få smaka deg gjennom byen. Du startar økta på ein av plassane før du i tur og orden jobbar deg gjennom alle serveringsstadane. Kvar stad finn fram det beste dei har på menyen.
Det kostar kroner 1900,– (+ gebyr) per billett. Inkludert i prisen er ein smakebit frå menyen og noko godt i glaset på alle stadane. Du vel sjølv kvar du vil starta ved å kjøpa billett til den staden der du vil starta kvelden.
Desse stadane får du besøka i løypa:
Hemmeleg restaurant
Ming House Bryne
Heldigvis på Bryne Kro
Kjøkkenet Café & Delikatesse
Sabi Sushi Bryne
Møllehagen Restaurant
Brix Brygghus
India Tandoori Bryne
Zaika
Hotell Jæren
- Last Updated: 08.12.2020
- Source: Region Stavanger
Livsgledesløyfa 2021
- 13. mars 2021
- What's Nearby