Ljodahått
Tysdag 15. oktober kjem desse sceniske trollmennene til Hovudscenen vår! Billettsalet er i gong!
Ljodahått er eit prosjekt starta av den norske skodespelaren Magne Håvard Brekke, og repertoaret er henta frå det gamle og det moderne (frå Edda til Henrik Ibsen og Tarjei Vesaas). Han har samla nokon av dei beste artistane han har møtt på sine reiser i Europa; skodespelarar, musikarar og komponistar. Saman set dei musikk til desse dikta, og framfører dei på originalspråket, både bokmål og nynorsk. Med denne fusjonen skaper dei ein heilt eigenarta og heftig sjanger.
"Den sensasjonelle, internasjonalt samansette gruppa Ljodahått trollbandt dei frammøtte med tekstar frå norsk lyrikk tilført eit rytmisk fyrverkeri i Tom Waits-stil," skreiv Dagbladets Fredrik Wandrup etter å ha sett og høyrt det norsk-fransk-tyske bandet på Kapittelfestivalen i Stavanger.
Sist oppdatert: 10/11/2024
Kilde: Visit Bergen
Ljodahått