Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Stavanger TIME

Louien

Overview

Live Miranda Solberg, med lang fartstid som vokalist, gitarist og komponist i gruppa Silver Lining, la ut ein sang ho kalla "Demo no. 1" på Soundcloud for nokre år sidan, under artistnavnet Louien.

Live Miranda Solberg, med lang fartstid som vokalist, gitarist og komponist i gruppa Silver Lining, la ut ein sang ho kalla "Demo no. 1" på Soundcloud for nokre år sidan, under artistnavnet Louien. Sidan har det gått slag i slag; fortryllande opptredenar bl.a. under Øyafestivalen, by:Larm og Ranglerock har etterlate eit djupt inntrykk hos eit stadig større publikum.
Louien sleppte debutalbumet sitt, med tittelen "None of my Words", via Jansen Records for eit halvt år sidan.
Albumet har fått mange lovord både her heime og utanlands, spesielt i Storbritannia.
"None of my Words" vart t.d. omtalt som "Årets vakreste plate" av musikkbloggar Erik Valebrokk.
"Lavmælt men full av kraft" meldte avisa iTromsø.
Mange av kritikarane har lagt vekt på det musikalske mangfaldet - fra Joni Mitchell til Lauryn Hill, fra Nick Drake til Portishead.


I kjølvatnet av albumet hadde Louien ei rekke konsertar her til lands, til ståande applaus fra publikum og presse.
"Noen ganger blir vakker musikk opphøyd til en større enhet. Og det var det som skjedde i Namsos lørdag kveld", skreiv Namdalsavisa etter konserten på Barrique i Namsos.

I år er det duka for meir makelaus konsertmagi fra Louien!

  • Last Updated: 10.02.2020
  • Source: Region Stavanger
Dates

on. 25. mars 2020 21:00 22:30

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Louien
Your Recently Viewed Pages