Lunsjkonsert Håvard Ersland Trio
- Tysværtunet Kulturhus, Aksdalsvegen 157, Aksdal
- +47 52757500
- 5. mars 2021
- (1 Upcoming Dates)
Håvard Ersland Trio
Håvard Ersland Trio er ein ung pianotrio beståande av tre lyttande og kreative musikarar. Bandleiar og pianist Håvard Ersland kjem frå Imsland i Vindafjord og starta sin utdanning på konservatoriet i Stavanger. Som trio vann dei i 2018 "Jazz i sikte" - der juryen trakk fram det unike uttrykket, det tette samspelet og dei spanande komposisjonane - og i fjor vant Ersland Sjølv "Equinors Sildajazzpris". Han kvitterte for prisen med ein trio - konsert i bystyresalen i Haugesund under årets sildajazz som resulterte i ståande ovasjonar frå publikum. Her er eit utdrag frå Johan Hauknes sin anmeldelse i saltpeanuts.eu:
«Vi blir servert et vakkert knippe stemningsrapporter fra Erslands hånd. Hans pianospill er vakkert, håndgripelig og svært hørverdig. (…) Det er lekende og fengende låter Ersland skriver, som framstår som spøkefulle kommentarer til verden rundt komponisten. (...) Det kanskje mest overbevisende er de tres spilleglede og medrivende entusiasme."
Det er høg kvalitet på låtmaterialet trioen serverar, og komposisjonane krydras med lekre detaljar og eit stort musikalsk overskot, samt ein solid porsjon speleglede. Musikarane Håvard har med seg i bandet som i tillegg til å vera ettertrakta frilansmusikarar er kjende frå band som Krokofant, Lassen og Baker Hansen, er trass sin unge alder nærmast telepatisk samspelte, heile tida lyttande og søkande, og skapar med det nye og spanande konsertopplevingar på kvar konsert.
Besetning;
Håvard Ersland – Piano
Stian Andreas Egeland Andersen – Kontrabass
Axel Skalstad – Trommer
Arr: Tysvær Bygdeblad og Tysværtunet Kulturhus
Tysværtunet Kafe serverer lunsjsuppe kr. 95,-
Suppe kan bestilles sammen med uttak av gratis billett til konserten : her
Smittevern Covid - 19
Vær vennleg og ikkje besøk Tysværtunet Kulturhus om du:
Har symptom på forkjøling/influensa
Har mistanke om eller har fått bekrefta Covid-19.
Er i karantene eller i isolasjon
Kontakt booking@tysver.kommune.no/52 75 75 00 i forkant av arrangementet du har billetter til, for evt annulering av billetter, om du blir forhindra i å komme pga. sjukdom.
- Last Updated: 09.02.2021
- Source: Destinasjon Haugesund & Haugalandet
Lunsjkonsert Håvard Ersland Trio
- 5. mars 2021
- What's Nearby