Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Lyrikksalong: Med Olav Nygards røyst

Diktaren Olav Nygard blei berre 40 år gammal, og fekk i liten grad ros og heider i si eiga levetid. Etter at han døydde har han derimot sett tydelege litterære spor etter seg. Både Erlend O. Nødtvedt og Erlend Skjetne har det siste året gitt ut diktsamlingar som skriv seg opp mot Nygards dikting. Dei to poetane kjem til Litteraturhuset i Bergen for å diskutere poesien til Nygard, korleis den har påvirka deira eiga skriving og kvifor dei så eksplisitt og aktivt går i dialog med Olav Nygards røyst i dei siste bøkene sine. Samtalen blir leia av Fredrik Hagen.

110/60,– (stud./honnør).

Sist oppdatert: 02/27/2024

Kilde: Visit Bergen

Sider du nylig har besøkt