VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Rogaland

Maijazz 2020: Litterær jazzklubb med Edvard Hoem og John Pål Inderberg Trio, Obrestad Fyr

Overview

Litterær jazzklubb med Edvard Hoem og John Pål Inderberg Trio, Obrestad Fyr

Litterær jazzklubb med Edvard Hoem og John Pål Inderberg Trio, Obrestad Fyr

Det blir slåttekarar og prærieliv når Edvard Hoem les utvalde stykke frå utvandrarbøkene Slåttekar i himmelen, Bror din på prærien og Land ingen har sett. John Pål Inderberg Trio spillar slåttar og polsar inspirert av Oline Sofie Bakkom og amerikanske jazzlåtar som har utvandra frå prærien til Trøndelag. My Melancholy Baby og Brother Can You Spear a Dime tar oss tilbake til jernbanebygging og kjærleiksliv på den store prærien, samstundes les Edvard Hoem om prærieliv frå same tid.

Edvard Hoem (f. 1949) debuterte i 1969 og har sidan vore svært produktiv som romanforfattar, dramatikar, salmediktar og Shakespeare-gjendiktar. For Kjærleikens ferjereiser (1974), Prøvetid (1984), Ave Eva (1987) og Mors og fars historie (2005) vart han innstilt til Nordisk Råds litteraturpris. For Mors og fars historie mottok han Melsomprisen og Petter Dass-prisen, og han vart òg innstilt til Kritikerprisen. I 2007 gav han ut den kritikerroste Faderen. Peder Bjørnson forsvarer seg. Frå 2009-2013 gav Hoem ut biografien om Bjørnstjerne Bjørnson i fire band: Villskapens år. Bjørnstjerne Bjørnson 1832–1875 (2009), Vennskap i storm. Bjørnstjerne Bjørnson 1875–1889 (2010), Syng mig hjæm. Bjørnstjerne Bjørnson 1890–1899 (2011) og Det evige forår. Bjørnstjerne Bjørnson 1899–1910 (2013). Edvard Hoems bøker er selde til ni land. I 2011 vart han tildelt statsstipend, og i 2013 fekk han Språkprisen. I 2014 gav Hoem ut sin første roman på ni år, Slåttekar i himmelen. Han vart langlista til P2-lyttaranes romanpris for denne boka.

John Pål Inderberg, (f. 1950) har for lengst satt sine klåre spor i den norske jazzen. Med sans for eit musikalsk spontant uttrykk har han turnert ei årrekkje og gleda publikum med leken musikalitet og mykje humor. Med ein fot i Nidelven og ein fot i cooljazzen har Inderberg reindyrka ei sterk stemme som kombinerar det norske og det amerikanske på måtar vi ikkje har hørt før. I trio med Håkon Mjåset Johansen og Trygve Waldemar Fiske spelar dei gamle låtar, nokon gongar med nye linjer, andre gongar med gamle vers, og ofte med alt i eit drag. Den norske folkemusikken får også ei sentral plass i denne trioen og dei skriver musikk med inspirasjon frå begge sider av Atlanteren. John Pål Inderberg Trio oser av speleglede og formidlar akustisk samspel på høgste nivå.

CASH FREE
MaiJazz er CASH FREE. Alt billettsalg kun med kort betaling. Vi oppfordrer alle til å kjøpe billetter på nettet på forhånd.

  • Last Updated: 03.05.2020
  • Source: Region Stavanger
Dates

to. 6. mai 2021 19:00 20:30

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Maijazz 2020: Litterær jazzklubb med Edvard Hoem og John Pål Inderberg Trio, Obrestad Fyr
Your Recently Viewed Pages