Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Southern Norway Lister Hægebostad

Maleri og broderi utstilling på Tingvatn i Hægebostad

Overview

 

Vibeke Andersen

bur og arbeidar i Stavanger. Med utgangspunkt i teikning og maleri overførar ho motiv til stoff og tek i bruk tråd til broderi. Ho lagar strek med tråd. Motivet er portrett der ho søker å vise eit indre, personleg ansikt. Det er ikkje ein ytre likskap. Ho søker ikkje å gjengi modellen så vakkert som mogeleg, men med klare personlige trekk. Portretta er karakterar meir enn gjenkjennelege fjes.

Dette er Vibeke Andersen si første store utstilling.

 

Trygve Lahn

bur og arbeidar i Lindesnes kommune. Han har vore med på Sørandsutstillinga fleire gonger med maleri. I denne utstillinga viser han koreis han arbeidar med landskap ofte samtidig med skikkelsar. Maleria blir då som psykologiske landskap. Andre gonger er det maleri med motiv henta frå gjenkjennelege stadar. Fargene set han opp mot kvarandre så dei glitrar.

Begge utstillingane er salsutstillingar arrangert av Galleri Lista Fyr ved Alfred Vaagsvold som kurator i samarbeid med Tingvatn Fornminnepark og Besøkssenter ved leiar Katja Kålheim. (Utstilingstekst Alfred Vaagsvold).

  • Last Updated: 01.09.2017
  • Source: Lister Reiseliv
Dates

lør 23. september 2017 14:00

See All
Maleri og broderi utstilling på Tingvatn i Hægebostad
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad