Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Ålesund & Sunnmøre

Maria Haukaas Mittet og Lars Bremnes

Overview

Frå Hver Gang Vi Møtes til Fosnavåg konserthus

I 2019 kunne ein sjå og høyre Maria Haukaas Mittet og Lars Bremnes som to av i alt sju medverkande artistar pa° eit av TV2 sine mest populære programkonsept «Hver gang vi møtes». I musikalske møter mellom Maria, Lars, Sol Heilo, Elisabeth Andreassen, Trine Rein, Tom Mathisen, og Katastrofe, blei det skapt magi, nydelege musikalske opplevingar og gode samtalar.

For Maria og Lars var det gjensidig beundring for kvarandre som artistar som sa°dde tankar om eit musikalsk samarbeid, og ønsket om a° gjere ein serie konsertar saman dukka opp.
Frå 1. mars 2019 har dei turnert, og møtes pa° scenen gjennom eigne viser og andre songar som har betydd mykje for dei begge.

Konserten blir fremført av Maria og Lars saman og kvar for seg, med eit felles band besta°ande av:
Gitarist og musikalsk leiar - Bernt Rune Stray
Keyboardist og multiinstrumentalist - Stein Austrud
Perkusjonist - Marin Bremnes
Vi garanterer ei flott konsertoppleving for publikum i alle aldrar.

Om Maria Haukaas Mittet
Maria Haukaas Mittet er frå Senja og har lang bakgrunn som artist. I 2004 debuterte ho som plateartist og hennar første album «Breathing» selde til gull. Oppfølgjarplata «Hold On Be Strong» kom i 2008 og selde også til gull etter kun tre veker.

Tittella°ta blei ein internasjonal hit etter femteplassen i den internasjonale Eurovisjonfinalen.
I 2011 spelte Maria inn juleplata «Lys Imot Mørketida» saman med Oslo Gospel Choir, der ho syng fleire la°tar pa° eigen dialekt, og i 2014 ga ho ut sitt første norskspra°klege album «HEIM». Plata blei ein stor suksess, og inneheldt ba°de eigenskrevne viser og andre sine pa° eigen dialekt, med grobunn i den nordnorske visetradisjonen.

Gjennom songar som «Folk i Husan» (Kari og Ola Bremnes) «Himmel i mella oss» og «Heim» har Maria funnet heim til musikken som ligg hjerte nærast, og i 2015 stakk ho av med sigeren i TV-programmet «Stjernekamp», med ei vise frå nord «Gjennom sorga ga°r ein sang» (Halvdan Sivertsen). I 2017 og 2018 turnerte Maria ogsa° med sin eigen konsertframsyning «Ja°la fra Lakselvnes», der 12 nordnorske viser blei fletta saman rundt eigne historiar om oppvekst, einsemd og kjærleik.

Om Lars Bremnes
Lars er fødd i Svolvær og har vore bosett i Harstad sidan 1997. Han debuterte med plata «Stjernesukkertøy» i 1994, og har sidan gitt ut sju album under eige namn. I tillegg har han ogsa° gitt ut to album med sine søsken Kari og Ola Bremnes. I 2000 og 2006 vann Lars Spellemannprisen, og i 2009 blei han tildelt Prøysenprisen. I 2015 slapp han albumet «Himmel nok tel alle», hans sjuaende i rekka. Tittella°ta la°g nesten tre ma°nadar pa° NRK P1 si A- liste.

Lars Bremnes jobber nao med ny plate og kjem i løpet av hausten ut med singelen «Elias». Mange har latt seg røre av sangen om flyktningen Elias gjennom ein video pa° sosiale medier.

  • Last Updated: 02.09.2019
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Dates

to. 3. oktober 2019 19:30 21:00

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Maria Haukaas Mittet og Lars Bremnes
Your Recently Viewed Pages