
Kort veg frå både Gaupne og Hafslo finn du den vesle fjordbygda Marifjøra – og denne laurdagen er det duka for ekte julestemning! Frå klokka 11:00 til 16:00 er julemarknaden open, og her ventar ei hyggeleg oppleving for heile familien.
Marifjøra Vel held kafe med gløgg, kaffi og kaker, og i det oppvarma kafeteltet kan du slå deg ned ved bord og stolar, nyte noko godt og kjenne på ro og julestemning. Kafe Marifjøra har òg ope, så her er det mange moglegheiter for både ein god prat og noko varmt i koppen.
Eit høgdepunkt for store og små er at Johannes Opheim kjem med hest og vogn – perfekt for ein stemningsfull rundtur i bygda.
Rundt om i dei koselege bodene kan du handle både julegåver og lokale smakar: heimestrikka ullsokkar, vottar og luer, julenek, heimelaga sjokolade, flatbrød, eplemost, julepynt, lefsekling, og skinn frå gammalnorsk spelsau. Her finn du også kvit og brun geitost frå Undredal, samt rykande fersk kaffi frå Sognefjord Kaffibrenneri.
Julemarknaden i Marifjøra er plassen for deg som vil oppleve tradisjon, trivsel og ekte førjulsglede – med lukt av nybakt, lyden av hestehovar og smil frå gode naboar.
Ta turen til Marifjøra og kjenn på magien av jul i fjordbygda!
Informasjon til utstillar
Ynskjer du plass/stand på Julemarknaden kontakt oss på fjoremarknad@gmail.com, så får du tilsendt meir informasjon.
Ring Paul Fransen tlf 990 90 159 eller Hans Næss 958 35 685 om de har spørsmål.
Sist oppdatert: 10/24/2025
Kilde: Visit Sognefjord AS
Marifjøra julemarknad