Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Med kjærleik frå Breim

Mer info

Sigrid Moldestad legg for fyrste gong ut på ein akustisk soloturne vinteren 2024. Her tek ho utgangspunkt i bokplata "Breim" som kom ut i haust. Det blir personlige historier, poesi, slåttar og songar. Eit nært møte med musikk ho har sitt hjarte i. Sigrid inviterer publikum til unike små spelestader som kler både musikken og felefortellingane ho har med seg.

Sigrid Moldestad er kjend for si sterke formidling. Enten det er folkemusikk eller eigne tekstar og songar. Ho har gjeve ut 7 soloalbum, dei to siste kom i 2023: «Regndråpeborna» med barnedikt av Jan-Magnus Bruheim, og folkemusikkplata «Breim». Ho fekk spellemannsprisen for den første soloplata si «Taus» i 2007 som handla om musikk etter kvinnelige felespelarar på Nord-vestlandet. Har motteke ei rekke andre prisar og utmerkingar for arbeidet sitt. Ho har også investert mykje tid i prosjektet

«Pederhuset» i heimbygda Breim. Prosessen med å restaurere det gamle spelemannshuset vart mellom anna ein tv-dokumentar på NRK. Sigrid Moldestad har i tillegg til musikken jobba som skodespelar i fleire produksjonar i på Det Vestnorske Teateret, Teater Vestland og Den nasjonale scene i Bergen.

Sist oppdatert: 05/23/2024

Kilde: Destinasjon Røros

Sider du nylig har besøkt