Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Metallknipling, veving av ryer og smiing av knivblad

Mer info

Åse og Sissel frå Vinje handverkslag besøker husmannsstoga i Eidsborg i dag. I smia møter du Tore som smir knivblad.

Åse Bratland og Sissel Granum frå Vinje handverkslag besøker husmannsstoga i Eidsborg i dag.

Åse vil demonstrere det som for mange er ein mindre kjend handverksteknikk. Metallknipling er knipling laga av metall, gjerne sølv eller gull.
Metallknipling er mellom anna brukt som dekor på ein del bunader og folkedrakter, til dømes på hovudplagg, bringeklutar og forkle. Denne forma for knipling kan du og finne på kyrkjetekstilar.

Sissel sit ved veven og viser deg gjerne korleis ein vev filleryer.

Tore Klas Tveiten frå Dalen er på plass i Liosmia for å smi knivblad. 

Velkomen innom!

Sist oppdatert: 05/13/2024

Kilde: Vest Telemark

Sider du nylig har besøkt