Metallknipling, veving og handspinning
Veving, handspinning og metallknipling på museet i Eidsborg.
Kjøp billetter herÅse Bratland, Sissel Granum og Mari Kjennbakken besøker husmannsstoga i Eidsborg i dag.
Åse vil demonstrere det som for mange er ein mindre kjend handverksteknikk. Metallknipling er knipling laga av metall, gjerne sølv eller gull. Metallknipling er mellom anna brukt som dekor på ein del bunader og folkedrakter - til dømes på hovudplagg, bringeklutar og forkle. Denne forma for knipling kan du og finne på kyrkjetekstilar.
Veving er tilbake på moten, og Sissel vil vise veving. Lurar du på noko om denne eldgamle tekstilproduksjonsmetoden, så kan du spørje Sissel.
Mari frå Seljord husflidslag vil demonstrere handspinning, så her blir det mykje å lære om tradisjonsrikt handverk.
Velkomen innom!
Sist oppdatert: 05/05/2025
Kilde: Vest Telemark
Metallknipling, veving og handspinning