Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Microbandet bingo

Kjøp billetter her

Microbandet Tilbake-På-Bingoskulebenken Spesial!  
 
Som Alice Cooper song: School´s Out - hei, vent – det er jo skuleSTART! Ok, den songen kjem Microbandet i allefall ikkje til å covra.

Derimot kjem dei tilbake til Sardinen USF og syng gamle songar om igjen!

Yamaha-en til Døsso er med, kazooen til Brit er med, Ausekarane og Tracy Chapman er med – kva meir kan du be om rett etter ferien? Ørlitt bingo, seier du? Innvilga!

Kom og kjenn den gode, gamle bingospenninga stiga saman med vener og kjente – ei spenning lite kan måla seg med.

Microbandet stiller i altfor varme, glitrande jakker og med eit repertoar beståande av alt frå Britney Spears til Vassendgutane til David Bowie til George Jones til Ottawan til Hellbillies og kanskje litt til.

Det blir dekka til med bord og pennar, alt du treng å gjera er å kjøpa deg billett. Lad opp til skulestart og jobbmas med eit par timar i sus og dus på bingobula Sardinen USF!

- 18 års aldersgrense
- Dørene åpner: kl.19:00
- Konsertstart: ca.kl.20:00
- Bruk av strobelys og glykol/mineraloljebasert scenerøyk under arrangementet kan forekomme.
- Ledsager : Kr. 1,00 + billettavgift. For spørsmål om ledsagerbilletter, kontakt USF direkte via epost@usf.no.


For mer info se https://usf.no og https://www.facebook.com/usfverftet

Billetter

Sist oppdatert: 07/10/2025

Kilde: Visit Bergen

Microbandet bingo

Billetter

Sider du nylig har besøkt