Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Microjoolabingo

Nesten-storstova på USF Verftet opnar dørane for deg og for byens eigen julehyggeduo! Microbandet består av Kjersti Døssland (Yamaha-synth) og Brit Aksnes (gitar) som i nesten ti år har hygga mange og ikkje minst seg sjølve med radbrekking/forbetring av andre sine låtar. Som alle seriøse microband, har dei valt å fokusera særleg på julehøgtida, og før dei eigentleg hadde hatt sin fyrste spelejobb, hadde dei spelt inn ein julesingel, som vart trykt på raud vinyl (trykt med støtte av Øvreviken pub som løn for å laga og spela inn den legendariske Øystesesongen for Øystese Fotballklubb). Den er det utruleg nok ikkje så mange att av, men det skal akkurat gå å ha eit eksemplar som premie. Kva er vel ein førjulskonsert med Microbandet utan bingo og gåvebort? Kom og la spelegalskapen råda mens du nippar til eit glas til vakre tolkningar av Vassendgutane og Britney Spears, Jussi-go-home O helga natt og sjølvsagt A-sida på julesingelen, Ding-dong-merrily on high. Mottoet "ingen forventningar" innfrir dei gong på gong med sin blanding av tostemt song og masing i stereo. God microjoolabingo, folkens!

Kort oppsummert: Microbandet juler deg opp med bingo og ding-dong 9. desember på Sardinen!

- Aldersgrense 18 år.
- Vergeordning: Verge fylt 23 år, skal være edru og ikke drikke alkohol under arrangementet, kan ha ansvar for to personer under 18 år med minstealder 12 år. Gå HIT for info og nedlasting av skjema for vergeordning.
- Dørene åpner: kl.20:00
- Konsertstart: ca. kl.20:30
- Bruk av strobelys og glykol/mineraloljebasert scenerøyk under arrangementet kan forekomme.
- Ledsager : Kr. 1,00 + billettavgift. For spørsmål om ledsagerbilletter, kontakt USF direkte på e-post epost@usf.no.

Sist oppdatert: 12/03/2023

Kilde: Visit Bergen

Sider du nylig har besøkt