Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Ålesund & Sunnmøre VOLDA

Middag for ein hundrings - før teaterframsyninga

Overview

I samband med at Riksteatret kjem til Ørsta kulturhus med teaterframsyninga Sult av Hamsun vil vi invitere vårt publikum til eit godt måltid før framsyninga startar.

Vi har inngått eit samarbeid med restaurant-og matfaglina på Ørsta vidaregåande skule, som skal trylle fram lekre supper med godt brød til denne ettermiddagen.

Måltidet kostar berre 100 kr, og då får du til og med velje mellom fleire sortar supper som er laga frå botnen av etter dei beste oppskriftene! Det blir servert vatn og saft til maten, brus og liknande kan kjøpast i kiosken for dei som heller vil ha det.

For å delta på dette må du kjøpe ein eigen "suppebillett" i tillegg til teaterbilletten din. Sjølv om arrangementa høyrer saman så er det altså to ulike billettar du treng for å få med deg dette. Billettsalet er i dei vanlege salskanalane våre, på heimesida, via appen eBillett og sjølvsagt også i kinokiosken.

Vi treng å vite kor mykje mat som skal bereknast, så derfor må alle som vil ete suppe kjøpe billett på førehand. Sal av suppebillett vert stengt fredag 24.april, eller før om det blir utselt. Det er begrensa med plassar pga kapasitet. Har du allergiar? Ta kontakt med evt spørsmål. 

Hjarteleg velkomne til bords!

  • Last Updated: 24.01.2020
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Dates

ti. 28. april 2020 17:30 18:30

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Middag for ein hundrings - før teaterframsyninga
Your Recently Viewed Pages