VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Møre og Romsdal ÅLESUND

Mil etter Mil - En hyllest til Jahn Teigen

Overview

Teigen- slagerparade til Brattvåg Lørdag 31.10 er det høgtid for alle som likar Jahn Teigen sine melodiar. Då kjem det populære showet ”Mil etter mil – en hyllest til Jahn Teigen” til ID-huset

Konsertane trekker fulle hus i Ålesund og interessa for Jahn Teigen sin musikk ser ikkje ut til å ha ein ende.

- Konsertane i Ålesund komande haust er allereie no i ferd med å bli utseld, seier turnéansvarleg. Det har vore ei overveldande interesse, seier Roy Carlsen.

Suksessen i Ålesund hausten 2018 og 2019 gjorde at gjengen ønskte å ta med seg konseptet til andre stader på Sunnmøre.

Det er høgt under taket og mykje allsang når dei mest kjende Teigen-låtane kjem på løpande bånd og arrangørane lovar ein slagerparade av dei sjeldne.

Hyllest-bandet som kjem til Brattvåg består av Johnen Johnsen (vokal), Idar Godø (vokal), Monika Isaksen (vokal), Lars Øverås, (bass), Geir Nakken (gitar), Sindre T. Veblungsnes (gitar), Jan Håvard Melsæter (trommer) og Jan Gunnar Aakre (tangentar).

Jahn Teigen har vore ein markant og profilert artist i Noreg i ein mannsalder. Songar som ”Mil etter mil”, ”Optimist”, ”Det vakreste som fins”, ”Adjeau” og ”Min første kjærlighet” har gitt Teigen ein stor tilhengarskare i Noreg og Sverige.

Fleire av musikarane i bandet er svorne Teigen-fans, og kan musikken ned til fingerspissane. - Eg kan garantere høg stemning, og allsang frå start til slutt, seier Carlsen.

  • Last Updated: 17.10.2020
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Dates

lø. 31. oktober 2020 18:30 20:00

lø. 31. oktober 2020 21:00 22:30

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Mil etter Mil - En hyllest til Jahn Teigen
Your Recently Viewed Pages