Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Mine heilage tre kongar Levanger Kirke

Mine heilage tre kongar, eit samtidskritisk fortellarteater.

Eit samtidskritisk fortellarteater med religiøs brodd.

Da ein eldre herre ser ei kjøpesenter-utstilling av Jesusbarnet, stallen og dei tre heilage kongane nedlesst med gåver raserer han utstillinga. For like attmed står ei kvinne med to svoltne ungar og ser ned i Frelsesarmèens tomme matkasse.

Han blir tatt av butikksjefen som ber han forklare seg, og da fortel den eldre herren ei historie frå 1970-tal da han som ung student stod på Østbanen lille julaftan med ei krone i lomma og lengta nordover og heim til jul. Like før siste toget går, kjem ein framand mann bort til han.

Monologen fortel om eit Noreg før oljerikdomen, da vi var litt fattigare og mindre egoistiske, men såg kvarandre og hjelpte kvarandre.

Fortellarteatret er skriven av Torvald Sund og skal framførast av skodespelaren Torstein Andersen.

Urpremiere er i Ramsvik kirke, Råkvåg, den 17.november, og så står fleire kjerker for tur, heilt fram til den siste forestillinga i Levanger kirke på Heilage tre kongars dag den 6.januar 2024.

Sist oppdatert: 11/27/2023

Kilde: Innherred Reiseliv

Sider du nylig har besøkt