Monica presenterer Monica - vinnaren av debutantprisen 2023!
Kapittel fremmer debutanter og arrangerer møter mellom etablerte og yngre forfattere - Monica Isakstuen presenterer Monica Goksøyr, vinneren av debutantprisen!
Kapittel vil gjerne løfte fram debutantar og nye stemmer. Ein rød tråd gjennom festivalen er difor eit utvalg møter mellom etablerte og yngre forfattarar, der nye stemmer får anledning til å bli presentert for eit større publikum.
Monica Goksøyr debuterte med novellesamlinga «Slemme jenter» i 2023, ei bok ho hausta strålande kritikkar for, og som ho tidlegare i år vart tildelt Tarjei Vesaas debutantpris for.
«Slemme jenter» er ei bok med sju noveller med jenter i hovudrolla. Jenter som vil vekk frå kvardagen og jaktar etter spenning og grenseoverskridingar. Jenter som kjenner på einsemd og utanforskap, og som har mødrer frå Asia og fedrar på sjøen. Jenter som leitar etter meining, men finn ho på feil plass, som er skada og som skadar.
Monica Goksøyr (f. 1990) har vakse opp på øya Runde på Sunnmøre og har røter i Thailand. Ho har ein master i rettsvitskap og arbeider som jurist i staten. Ho har gått på Aschehougs forfattarskule. Ho er også nominert til LOs litteraturpris for debutboka.
Monica Isakstuen (f.1976) er forfattar og dramatikar. Bøkene og stykka hennar er omsette til fleire språk. Hennar siste bok, "De små jentene", kom ut i 2023 og handlar om fleire generasjonar kvinner som ferierer saman på ei hytte ein sommar i Noreg. Romanen reflekterer rundt eksistensielle tema som tid, menneskelege relasjonar og kjønnsideologi, og har særleg fokus på forholdet mellom mødrer og døtrer.
Arrangementet er ein del av Kapittelfestivalen, 18.-22. september 2024. Sjå kapittel.no for fullt program.
Sist oppdatert: 09/13/2024
Kilde: Region Stavanger