Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Morgedal Vinterfestival

Tri dagar med leik og moro i Morgedal!

I 2025 er det 200-års jubileum for skipioneren Sondre Norheim frå Morgedal.

Historia om far til den moderne skisport, Sondre Norheim, er kjent over ei heil skiverd. Sondre Norheim, født på Øverbø i Morgedal 10.juni 1825, utvandra til Nord Dakota og dør ute på prærien 9.mars 1897, la grunnlag for utviklinga av skisporten slik me kjenner han i dag.

Hans lidenskap for å leike på ski og kunne utfordre seg sjølv i brattaste bakkar og ufser var starten på utvikling av skiutstyret. Med innsvinga ski og hælbinding kunne Sondre løype der ingen andre hadde løypt før. Han løypte telemarksvingar i lausnonen og landa fjellstøtt med telemarknedslag etter å ha hoppa fleire meter.

Skiløyping slik Sondre utvikla det, blei leik og kunstnarleg utfalding.

Fredag 31.januar

Kl 18:00             Oppmøte på Øverbø

                           Servering av gløgg og utdeling av faklar

Kl 19:00             Fakkeltog ned til Norsk Skieventyr

Kl 20:00             Pizza og drikke på museumskafeen Norsk Skieventyr. Lansering av jubileumsøl frå Vinje Bryggjeri.

Kl 21:00             Den store Morgedal quizen med skihistorie og bygdesladder

Praktisk info: Parkering på Norsk Skieventyr, i krysset til Bjålandsvegen eller på Bjåland. Felles fakkeltog kl. 19:00 etter servering av gløgg.

Påmelding av lag til pizzakveld og Morgedalquizen på e-post til morgedalhotell@unikehoteller.no 



Laurdag 1.februar

Kl 12:00 – 16:00            Aktivitetsdag i sentrum

Skeiser, ski, hest og slede, hundespann, skimaking, testing av treski og Tomsen Novaski.

Gratis inngang på Norsk Skieventyr.

Servering av lunsj på museumskafeen

Kl 15:00 – 17:00            Afterski og ølbollerenn i bakken.

Kl 17:00 – 20:00            Buffé på Morgedal Hotell.  Underhaldning med bygdeoriginal.

Kl 21:00                         Dans på Morgedal Hotell med orkester.

Praktisk info:
Køyring med hest og slede og hundespann har start ved Skieventyret.
Det blir løyping i hotellbakken. Ta gjerne med dine eigne ski. Ynskjer du å teste treski, ta med eigne skisko. Har du lyst på nye utfordringar, Tomsen stiller med Novaski. Ta med skøyter og bli med på ishockey på Morgedalstjønni.

Dagen blir avslutta med ølbollerenn på treski med vidjebinding. Rennet er for både store og små.


Sundag 2.februar

Kl 10:00             Topptur

Toppturen blir avklart utifrå vær og føreforhold. Ta med eige skredutstyr om du har. Me stiller med kjentfolk og med diverse treski om du ynskjer å teste det. Oppmøte ved Norsk Skieventyr kl. 10.00. Felles transport. Påmelding på e-post til tarjei@morgedal.com.

Arr:
Morgedal Hotell, tlf. 35068900, e-post: morgedalhotell@unikehoteller.no  www.morgedal.no
Bjaaland Bygderestaurant, tlf. 46963631, e-post: bjaaland@bygderestaurant.com  www.bygderestaurant.com
Norsk Skieventyr AS
Vest-Telemark Museum, tlf. 35069090, e-post: post@vtm.no, www.vtm.no
Morgedal Idrottslag.


Sist oppdatert: 11/25/2024

Kilde: Vest Telemark

Morgedal Vinterfestival

Sider du nylig har besøkt