Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway

Mostraspelet - I slik ei natt

Overview

Mostraspelet "I slik ei natt" blir satt opp att i 2017!

Etter 31 år med ”Kristkongane på Moster” hadde me i 2016 urpremiere på eit nytt sogespel, ”I slik ei natt”.
Me er så heldige å ha Svein Tindberg som manusforfattar. Tindberg som er ein av Noregs fremste skodespelarar og tekstformidlarar, var i fleire år skodespelar og regissør for ”Kristongane på Moster”. Hans bror, den erfarne og anerkjente Ivar Tindberg skal ha regi. Far deira Snorre Tindberg var med å teikne Moster Amfi på oppdrag frå Bømloteateret, så tilknytinga til familien Tindberg er sterk til Bømlo og til vår region.

I pinsehelga 2015 vart ”Kristkongane på Moster” sett opp for 31.gong, noko som gjer spelet det lengst levande i Noreg etter Stiklestadspelet. Mostraspelet blir spela i Moster Amfi, eit utandørs amfiteater med 1200 sitjeplassar.

På Moster ligg det mykje historie som ikkje berre er viktig lokalt, men også nasjonalt. Snorre Sturlason fortel i sine Kongesoger at Olav Trygvason i år 995 først steig i land på Moster då han kom tilbake til landet han hadde arveretten til. Med seg hadde han kristendomen og eit påbod om at alle skulle la seg omvende til denne. Gulatingslova fortel at i år 1024 kom ein ny vikingkonge til Moster: Heilag Olav. Her proklamerte Olav Haraldsson for første gong i landet lovsystemet som skulle overta for dei norrøne lovene og bli det nye Noreg sine lover, Kristenretten. Året etter vart heile Kristenretten vedteken på Gulatinget.

I ”I slik ei natt” får me fylgje og bli kjend med Olav Haraldsson på sin ferd før han kjem til Bømlo. Han er det enkeltmennesket som har betydd mest for Noreg som nasjon, som har gjort Noreg mest kjent i den store verda. Han er myteomspunnen og opphav til ei mengde legender. Me veit så mykje om han og likevel så lite. I mange år har det vore ein tradisjon å sjå han som politikar, maktmenneske og despot. Tindberg leiter etter ein moderne veg inn i eit slags mysteriespel og etter ein Olav som faktisk endrar seg på sin veg mot Moster. 

  • Last Updated: 18.10.2016
  • Source: Destinasjon Haugesund & Haugalandet
Dates
fredag 2. juni 2017

lørdag 3. juni 2017

søndag 4. juni 2017

See All
Click to activate
Mosterhamn, Norway
The latitude and longitude
59° 42' 4" N / 5° 22' 54" E
Mostraspelet - I slik ei natt
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad