Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Voss

MyrkdØL-festivalen

  • Klypeteigane, Vossestrand
  • 47 47 16 00
  • 6. oktober 2017 - 7. oktober 2017
  • (2 Upcoming Dates)
Overview

MyrkdØL-festivalen

Fredag 6. og laurdag 7. oktober gjentek me suksessen frå i fjor og inviterer til ølfestival med dei lokale bryggeria Balder Brygg, Handverkbryggeriet, Voss Fellesbryggeri og Ægir Bryggeri. Det blir ølkurs, 4-rettars øl-inspirert middag, tapas, mingling og konsertar.

FREDAG 6. OKTOBER

Kl 19.00 - 23.00: Tapas, ølsmaking, konsert med Olav Undeland og Trond Olsen Festivalen byrjar i Salto Lobby Bar på Myrkdalen Hotel. Her kjem Balder Brygg, Voss Fellesbryggeri og Handverkbryggeriet til å vera tilstades med eit stort utval av ølsortane deira. Det vert tapas, mingling og konsert med Olsen & Undeland. Musikarane Olav Undeland og Trond Olsen tek oss med inn i bluesverda. To stemmer, to gitarar, eit knippe eldgamle låtar, laus jakke, truskap til tradisjonen, skamlaust publikumsfrieri og blodig alvor er ingrediensane i ein konsert med Olsen & Undeland.

LAURDAG 7. OKTOBER

Kl 13.00 - 15.00: Grilling  Vossakjøt griller med tilbehør.

Kl 15.00 - 16.45: Ølkurs  Bryggeria presenterer utvalde øl-typar, der festivaldeltakarane får smaksprøvar og historia bak kvar sort. Deltakarane kan stemma på sin favoritt, og vinnaren får MyrkdØL-prisen under middagen seinare på kvelden. 

Kl 18.00: Aperitif  Aperitif og mingling i Salto Lobby Bar

Kl 19.00: 4 rettars øl-inspirert middag Kjøkkensjefen på hotellet har sett saman ein spanande 4 rettar øl-inspirert meny, der kvar rett blir servert med ei eining frå bryggeria. Under middagen blir det utdeling av MyrkdØL-prisen. 

Kl 22.30: Konsert med Rakkadeis i Pudder Afterski Rakkadeis spelar variert musikk med både eldre og nye hits, og på repertoaret står kjende slagerar av mellom anna Bruce Springsteen, Eagles, Bryan Adams, Hellbillies, CCR, Plumbo, Alan Jackson, DumDum Boys, Johnny Cash, AC/DC, Kings of Leon mm.

GRATIS OVERNATTING Dei fem fyrste personane som bestiller festivalpass, får tilbod om gratis overnatting på Myrkdalen Hotel frå fredag 6. oktober - sundag 8. oktober. Hotellet kontaktar deg om du er ein av dei heldige. 

Myrkdalen Hotel har også rimeleg overnatting denne helga. Pris frå kr 550,- per person i dobbeltrom, inkludert frukost. Bestill HER

BILLETTAR Det er mogleg å kjøpa tre typar billettar til festivalen. 

1. Festivalpass (1145 kr) - Tapas og konsert fredag kveld - Ølkurs - Aperitif - 4 rettar øl-inspirert meny med ein eining frå bryggeria til kvar rett - Konsert med Rakkadeis

2. Fredag kveld: Tapas og konsert med Olav Undeland og Trond Olsen (295 kr)

3. Dagspass laurdag (995 kr) - Ølkurs - Aperitif - 4 rettar øl-inspirert meny med ein eining frå bryggeria til kvar rett - Konsert med Rakkadeis

 

Bryggeria

Voss Fellesbryggeri

Handverksbryggeriet

Balder Brygg

Ægir Bryggeri

  • Last Updated: 15.09.2017
  • Source: Destinasjon Voss AS
Dates

fre 6. oktober 2017 19:00

lør 7. oktober 2017 13:00

See All
MyrkdØL-festivalen
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad