Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Voss

MyrkdØL-festivalen

Overview

Ølfestival på Myrkdalen Hotel med konsert med Polkabjørn og Kleine Heine på kvelden!

Laurdag 6. oktober inviterer me til ølfest med Balder Brygg, Handtverksbryggeriet frå Vossakjøt og Hansa. Det blir ølkurs, tapas med drikke, mingling og konsert med Polkabjørn og Kleine Heine!

LAURDAG 6. OKTOBER

Kl 15.00 - 16.45: Ølkurs 
Balder Brygg, Handtverksbryggeriet og Hansa presenterer utvalde øl-typar, der festivaldeltakarane får smaksprøvar og historia bak kvar sort. 

Kl 18.00: Aperitif 
Aperitif og mingling 

Kl 19.00: Tapas Bayerstil i Restaurant Nuten
Inkludert fire einingar øl. 

Kl 22.30: Konsert med Polkabjørn og Kleine Heine i Pudder Afterski
Virtuosen Kleine Heine er kjent som trekkspillet sitt svar på Matti Nykänen, utsvevande og god med kniv. Polkabjørn er ikkje berre Nord-Europa sin beste jodlar, men har og blitt ein anstendig strupesongar etter å ha gått i lære hjå den verdskjende strupesongkvartetten Huun-Huur-Tu. 

Kvelden vil by på eit svært variert repertoar med jodling fra både Tyskland, Sveits og Østerrike, i tillegg til mongolsk strupesong, undergangsblues og viser frå lirekassen. Med ein musikk som tærer på både publikum og utøvarar er det eit under at Polkabjørn & Kleine Heine framleis er aktive, gå difor ikkje glipp av denne sjansen til å sjå og høyra dei live! 

BILLETTAR

1. Dagspass laurdag: 1250 kr
- Ølkurs
- Aperitif
- Tapas, inkludert fire einingar øl
- Konsert med Polkabjørn og Kleine Heine

2. Tapas Bayerstil med fire einingar øl og konsert: 850 kr
- Aperitif
- Tapas, inkludert fire einingar øl
- Konsert med Polkabjørn og Kleine Heine

3. Konsert med Polkabjørn og Kleine Heine: 150 kr

  • Last Updated: 05.11.2018
  • Source: Destinasjon Voss AS
Dates

sø. 6. oktober 2019

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
MyrkdØL-festivalen
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad