Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Hallingdal Ål

Nåde deg, Martin (Ål kyrkjeakademi)

Overview

Ål Kyrkjeakademi presenterer: "Nåde deg, Martin" med biskop Per Arne Dahl.

 

Med eit bakteppe av sårbar sjølvkjensle, på leiting etter å finne oss sjølve, og med ei oppleving av skuld eller skam er Martin Luther si tale om nåde både frigjerande og nyskapande. I dette foredraget ynskjer biskop Per Arne Dahl å syne oss korleis dette framleis er aktuelt og livgjevande.

 

2017 er 500-års jubileet for Luther og reformasjonen.

 

Ål Kyrkjeakademi er svært glad for å kunne opne haustsemesteret med dette Luther-foredraget ved vår eigen biskop. Per Arne Dahl er kjent som prest og biskop i den norske kyrkja, men han er kanskje vel så kjent som forfattar, foredragshaldar og avisspaltist. Han har i mange år hatt faste spalter både i Aftenposten og andre aviser. Han har også gjeve ut ei rekkje bøker.

  • Last Updated: 21.09.2017
  • Source: Hallingdal Reiseliv
Dates

tirs 26. september 2017 19:15

See All
Nåde deg, Martin (Ål kyrkjeakademi)
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad