Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Ålesund & Sunnmøre Ørsta

New Years Concert: Sunnivakoret, Ytre Suløens Jassensemble & Tricia Boutte

Overview

Nyttårskonsert med Sunnivakoret, ytre Suløens Jassensemble & Tricia Boutte - Så er det omsider Ørsta sin tur for nyttårskonserten vår. Kjekt at det også kan markerast med eit jubileum, nemleg det 15 året Sunnivakoret og Ytre Suløen held nyttårskonsertar.  Sunnivakoret har halde langt over hundre konsertar sidan starten i 2003 og håper framleis å kunne halde på i fleire år til. Storleiken på koret er naturleg nok litt
redusert i forhold til starten, frå godt over 100, til pr. i dag knappe 70. Imidlertid er det ikkje å ta for hardt i at kvaliteten på koret har gått motsatt veg, det viser og alle tilbakemeldingane frå presse og publikum.  

Nyttårskonsertane har vore svært godt besøkt dei stadane vi har vore desse 15 åra, nokre stadar fleire gongar. Dog er vi inne i ei tøffare tid reint økonomisk, så vi håper difor at den gode trenden held seg oppe også når vi no går inn i det nye tiåret. Då kan dette flotte koret halde fram å gi folk gode opplevingar, framleis underleiing av vår eminente dirigent, Per Oddvar «Prots» Hildre. For dei som er ukjente med koret kan nemnast at vi ha hatt dei fleste konsertane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane gjennom desse åra, men og deltatt på Festspela i Bergen og på Olavsspela i Trondheim, saman med bl.a. SKRUK. Eit par utanlandsopphald har det også blitt, New Orleans i 2013 og Berlin i 2016. 

Ytre Suløen fortener eit eige avsnitt sjølvsagt, sjølv om dei er vel kjende over stort sett heile landet, og etter kvart i mange andre land, takka vere sine dyktige musikarar og friske New Orleans-jass. Knapt til å sitte i ro når dei set i gong og vi har det utruleg kjekt saman på scena. Gruppa har naturleg nok også endra litt på besetninga sidan oppstarten på 70-talet, men kvaliteten held utan tvil same høge nivået. Grand old man, Einar Årø, med røter på Slagnes i Vanylven, har imidlertid ikkje lagt inn årane, trass sine over 80 år, og er einaste igjen av det opprinnelege ensemblet. Men banjoen går fortsatt som ei kule og glimtet og smilet er det same! Med to utflytte nordfjordingar i tillegg, David Gald(Stryn) og Eids Andreas Rotevatn har også Suløen «lokal» forankring så det held. Saman med resten av ensemblet; Sturla Hauge Nilsen(trompet), Lars Frank(klarinett/saksofon), Kristoffer Tokle(slagverk), og sist men ikkje minst pianovirtous Morten Gunnar Larsen, med bl.a. fartstid på Broadway, blir det som regel eit fyrverkeri kvar gong dei entrar scena.Og med norsk-neworleanske solist Tricia Boutte som «rosinen i pølsa» kan dette vanskeleg bli betre koroppbacking! 

Vi ønskjer med dette velkomen til ein frisk og fengjande start på 2020 i Ørsta kulturhus! 

  • Last Updated: 20.09.2019
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Dates

sø. 12. januar 2020 17:30 19:30

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
New Years Concert: Sunnivakoret, Ytre Suløens Jassensemble & Tricia Boutte
Your Recently Viewed Pages