Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Voss

Noregsmeisterskap i innandørs kroppsflyging 2018

  • Voss Vind, Oberst Bulls Veg 28, VOSS
  • 9. februar 2018 - 10. februar 2018
  • (2 Upcoming Dates)
Overview

Voss Kroppsfykarlag i samarbeid med Voss Vind inviterar med dette til NM i innandørs kroppsflyging 2018. Konkurransen vert gjennomført i regi av Norges Luftsportforbund (NLF) og er underlagt Antidoping Norge (ADN) sitt regelverk.

Reglane som vert brukt under NM er dei gjeldande konkurransereglane til fallskjermseksjonen i Norges Luftsportforbund, sjå www.nlf.no (fallskjerm)

Arena
Voss Vind, Oberst Bulls veg 28, 5700 VOSS

Kategoriar
FS 4 open klasse AAA
FS 4 intermediate A
VFS
FF
Freestyle*
*Freestyle var prøvegrein under innandørs NM 2017, om det blir offisiell grein no er opp til F/NLF.

D2W, 3 rundar + turnering vil verta arrangert under Ekstremsportveko , og ikkje under dette NM. Dag og klokkeslett vil me koma tilbake til. 

Konkurransedatoar
Fredag 9. februar og laurdag 10. februar 2018. Det vil vera mogeleg å bestille treningstid frem til fredag 9. februar kl 1300. Konkurransen starter kl. 16.00 fredag 9. februar og er ferdig seinest kl. 17.00 laurdag 10. februar.

Kvalifikasjonar
• Berre medlem og organisasjonar tilknytta Norges Luftsportforbund/Norges Idrettsforbund kan oppnå plassering i Norges- og landsdelsmeisterskap.
• Utøvarar som ikkje er norske statsborgarar må ha vore busatt i Norge i minimum 3 år for å kunne oppnå plassering i Norges- og landsdelsmesterskap (jf. NLF regler).
• Lag må vera samansatt av medlem frå same klubb uansett øving.
• Ein enkelt utøvar kan konkurrere for to eller fleire klubbar i NM, dog ikkje i same grein. For å kunne representera ein klubb må utøvaren vera medlem i klubben dei/laget konkurrerar for 
• Alle deltakarar må ha erfaring frå tunnellflyging.
• Deltakarar som ikkje har erfaring frå VossVind må verta briefa av ein VossVind instruktør før flyging.

Påmelding
Påmelding innan 15. januar 2018 via e-post til astrid.lemme@vossvind.no

Påmeldingsavgift
• Påmeldingsavgift betales ved påmelding til Voss Vind sin konto 9581 05 26190. Merk med «NM innandørs kroppsflyging 2018», lagnavn, klubb, samt kva kategori det gjeld.
• Påmeldingsavgift er 750 norske kroner pr deltaker for FS 4 AAA, A og VFS (totalt 3000 norske kroner pr lag).
• Påmeldingsavgift er 1000 norske kroner pr deltaker for FF intermediate (totalt 2000 norske kroner pr lag).
• Påmeldingsavgift er 2000 norske kroner pr deltakar i Freestyle.
• Påmeldingsavgifta vil stige etter 15. januar 2018. Tilleggsgebyr for sein påmelding er 300 kr per lag. 
• Det betales ikke påmeldingsavgift for ein eventuell reserve til lagene.
• Det er 250 norske kroner i avslag pr ekstra konkurranse ein utøvar deltek i.
• Påmeldingsavgifta refunderes kun dersom konkurransen vert kansellert.
• Dersom konkurransen må kanselleres på grunn av tekniske problem (med Voss Vind) vil det ikkje verta gitt kompensasjon for utgifter til reise og opphold.

Premieseremoni og bankett
Laurdag 10.feb vil det på kvelden vera premieseremoni og bankett. Meir informasjon om dette vil koma i løpet av vinteren.

 

 

  • Last Updated: 07.12.2017
  • Source: Destinasjon Voss AS
Dates

fre 9. februar 2018 16:00

lør 10. februar 2018 10:00

See All
Noregsmeisterskap i innandørs kroppsflyging 2018
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad