Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Møre og Romsdal ÅLESUND

Nyttårskonsert - Sunnivakoret og Ytre Suløen

Overview

Sunnivakoret  har etter kvart fått lang fartstid og nærmar seg 20 år(2023),  i alle åra leia av dirigent Per Oddvar "Prots" Hildre. M.a.o, ikkje berre SKRUK han er uthaldande med, som same året blir 50… Prots fylte sjølv 70 år i 2020, noko som koret sjølvsagt har markert, om enn litt i etterkant. Eit fullsatt kulturhus ville vere ei flott forseinka bursdagsgåve frå publikum til denne markante maestroen frå Hildrestranda, som og har blitt utnemnt til kommandør av Den Kongelege Norske St. Olavsorden  sidan sist vi besøkte Brattvåg.
Koret har forøvrig «slanka» seg litt,  ca 60 medlemer no mot godt over 100 dei første åra, dog inga «spisevegring»; vi tek stadig til oss ny pedagogisk «næring» frå denne inspirerande dirigenten og i følgje han er kvaliteten i stadig utvikling, slik han også likar det.
I tillegg til velkjente Tricia Boutte i Suløen, vil også koret sin eigen solist, Marita Bødal Nybakk bidra. «Stjerna frå Stad», som Prots likar å kalle henne, hausta bl.a. stor applaus  med eige solistnummer på Olavs-festspela i Trondheim 2019. Ho har og ved fleire høve opptredd med sin solistkollega Tricia.
Legendariske Ytre Suløens Jassensemble har også endra litt på fasaden, men held som vanleg høg klasse! «Good old man» på banjo, Einar Aarø, har vald å gje seg, men så fekk han og litt av ei fartstid i ensemblet! Y.S.-genane er likevel ivaretatt sidan son til gamletrommis Ottar Anderson, Svein Tore, har tatt over stafettpinnen på banjo. På trombone har dei no Gunnar Bech frå Molde. Den øvrige besetninga er David Gald, tuba, Morten Gunnar Larsen, piano, Lars Frank, klarinett/saksofon, Sturla Nielsen Hauge, trompet og Kristoffer Tokle, slagverk.

  • Last Updated: 27.11.2021
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Dates

sø. 16. januar 2022 16:30 18:00

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Nyttårskonsert - Sunnivakoret og Ytre Suløen
Your Recently Viewed Pages