Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Odd Nordstoga - Spelemann

Mer info

Odd Nordstoga forteller om sitt liv i boka Spelemann. Boksamtale med musikalske innslag på Kapittel, 18.-22. september 2024.

«Eg håpar det blir ei bok om ein spelemann, for det synest eg er ein fin ting å vera. Å, kunne eg vera ein spelemann!»

Odd Nordstoga er ein av Noregs mest folkekjære artistar. I boka Spelemann fortel han si eiga historie. Velkommen til boksamtale på Kapittel med musikalske innslag, mellom Odd Nordstoga og Mona B. Riise.

«Eg har bestemt meg for å legge alt skamvit til sides og fylgje meg sjølv med tastatur. Eit slags reality show på papir blir det vel. Eg skal hente fram minne frå stadene mine, frå vegane mine og folket mitt, for det er dei som ligg mellom linjene i musikken min. Fortelje fram baklandet til songane mine. Det er det eg skal prøve på.»

Odd Nordstoga (f. 1972) er ein av Noregs mest folkekjære artistar, kjend for songar som «Bestevenn», «Kveldssong for deg og meg» og «Ein farfar i livet». Nordstoga kjem frå Vinje i Telemark og slo igjennom med soloalbumet Luring i 2004. I løpet av ein karriere på over 20 år har han gitt ut 18 plater, vunne fleire spellemannsprisar, samarbeidd med artistar som Ingebjørg Bratland og Sissel Kyrkjebø og fylt både ungdomshus over heile landet og Operaen i Oslo.

Mona B. Riise (f. 1972) er journalist og programleiar på TV og radio. Ho er utdanna frå Universitet i Oslo, med litteratur, medier og kommunikasjon i fagkrinsen. Ho har lang fartstid som reportar og programleier for musikk og kulturprogram på NRK, blant anna i Lydverket.

Arrangementet er ein del av Kapittelfestivalen, 18.-22. september 2024. Sjå kapittel.no for fullt program.

Sist oppdatert: 09/10/2024

Kilde: Region Stavanger

Sider du nylig har besøkt