Odd Nordstoga
Boka Spelemann, som kom ut til strålande kritikkar i haust, tok for seg det som har forma musikaren Odd og songane hans.
Etter to år «Langt heimafrå» med Ingebjørg Bratland og med den ganske så ferske boka Spelemann i bakspegelen er Odd Nordstoga attende på scena for ein soloturné våren 2025.
Boka Spelemann, som kom ut til strålande kritikkar i haust, tok for seg det som har forma musikaren Odd og songane hans. På denne konserten er det songane sjølv som skal få merksemda. Nye og gamle, melankolske og glade. Men ei og anna historie fra boka kjem også til å få vera med å setje farge på kvelden. Odd Nordstoga, aleine på scena med trekkspelet, gitaren og sine musikalske forteljingar.
Vel møtt!
Sist oppdatert: 12/02/2024
Kilde: VisitGrenland AS
Odd Nordstoga