Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Vestfold og Telemark TOKKE

Olav sine draumar – ei akustisk utstilling om Draumkvedet

Overview

Denne utstillinga skulle ha opna i 2020, men smittevernsreglar sette ein stoppar for det. Me håpar ting er litt meir attende til normalen for sesongen 2021 og satsar på ei opning då.

Den velkjende mellomalder-balladen Draumkvedet blei oppdaga og skrive opp i Vest-Telemark midt på 1800-talet. Songarane var for det meste eldre kvinner, busett i det som i dag er Vinje, Tokke, Kviteseid og Seljord kommunar. Det er difor naturleg at Vest-Telemark Museum syner ei permanent utstilling om kvadet, som del av folkekunstutstillinga ved museet i Eidsborg.

Ingen veit kor gamalt Draumkvedet eigentleg er, men dei fleste forskarar trur at den har oppstade i tida etter Svartedauden, sannsynleg i andre halvdel av 1300-talet. Det finst ingen kjelder før oppdaginga på 1800-talet, og då hugsa songarane berre delar av det opphavlege kvadet. Difor er hovuddelen av vår utstilling akustisk – ei oppleving i lyd, akkurat slik Draumkvedet var gjennom mange hundre år.

I utstillinga kan ein høyre heile Draumkvedet (i versjon etter Maren Ramskeid frå Brunkeberg) sunge av Ellen Nordstoga og Halvor Håkanes, i nye opptak gjort i Eidsborg stavkyrkje. Inne i eit eige lytterom kan ein oppleve eit heilt nytt verk i fleirkanal (surround) lyd, laga av den norsk-britiske komponisten Natasha Barrett. Nokre tekstar fortel om korleis songen vart oppdaga, og korleis den blei oppfatta av folkeminnegranskarane.

Inne i lytterommet kan du sjå små utsnitt frå Torvald Moseid sitt vidgjetne 50 meter lange Draumkvedet-teppe.

Og vil du sjå fleire bilete frå den dramatiske forteljinga om draumen til Olav Åsteson, kan du reise til Grimdalstunet  i Skafså, der målaren Karl Erik Harr sin Draumkvede-serie frå 1990-talet er stilt ut.

 

Her kan du lese meir om utstillinga i Eidsborg og historia til Draumkvedet, samt teksten slik den blei skrive opp etter Maren Ramskeid – som den mest fullstendige versjonen me kjenner til.

 

  • Last Updated: 28.09.2021
  • Source: Vest Telemark
Dates

fr. 22. oktober 2021

lø. 23. oktober 2021

sø. 24. oktober 2021

ma. 25. oktober 2021

ti. 26. oktober 2021

on. 27. oktober 2021

to. 28. oktober 2021

fr. 29. oktober 2021

lø. 30. oktober 2021

sø. 31. oktober 2021

ma. 1. november 2021

ti. 2. november 2021

on. 3. november 2021

to. 4. november 2021

fr. 5. november 2021

lø. 6. november 2021

sø. 7. november 2021

ma. 8. november 2021

ti. 9. november 2021

on. 10. november 2021

to. 11. november 2021

fr. 12. november 2021

lø. 13. november 2021

sø. 14. november 2021

ma. 15. november 2021

ti. 16. november 2021

on. 17. november 2021

to. 18. november 2021

fr. 19. november 2021

lø. 20. november 2021

sø. 21. november 2021

ma. 22. november 2021

ti. 23. november 2021

on. 24. november 2021

to. 25. november 2021

fr. 26. november 2021

lø. 27. november 2021

sø. 28. november 2021

ma. 29. november 2021

ti. 30. november 2021

on. 1. desember 2021

to. 2. desember 2021

fr. 3. desember 2021

lø. 4. desember 2021

sø. 5. desember 2021

ma. 6. desember 2021

ti. 7. desember 2021

on. 8. desember 2021

to. 9. desember 2021

fr. 10. desember 2021

lø. 11. desember 2021

sø. 12. desember 2021

ma. 13. desember 2021

ti. 14. desember 2021

on. 15. desember 2021

to. 16. desember 2021

fr. 17. desember 2021

lø. 18. desember 2021

sø. 19. desember 2021

ma. 20. desember 2021

ti. 21. desember 2021

on. 22. desember 2021

to. 23. desember 2021

fr. 24. desember 2021

lø. 25. desember 2021

sø. 26. desember 2021

ma. 27. desember 2021

ti. 28. desember 2021

on. 29. desember 2021

to. 30. desember 2021

fr. 31. desember 2021

lø. 1. januar 2022

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Olav sine draumar – ei akustisk utstilling om Draumkvedet
Your Recently Viewed Pages