Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Oldtimers Nyttårsball 2026

Kjøp billetter her

Oldtimers Big Band inviterer til sitt fjerde nyårsball – vi snakkar tradisjon! Kvart år har det vore fulle hus, glade folk, dansesko som glødar og applaus som rungar. Kva gjer vi då? Jau, vi gjer det igjen!

Oseanasalen blir forvandla til dansegolv med glans: runde bord, dukar, smilande menneske og eit storband på scena som spelar med sjel, trøkk og eleganse. Dette er kvelden for deg som vil starta året med stil, swing og smil!

Vår faste vokalist Marita Moe Sandven er sjølvsagt med, og saman med Fredrik Schmidt Fotland serverer dei musikalske perler frå stjerner som Sarah Vaughan, Frank Sinatra, Natalie Cole, Dean Martin, Stevie Wonder – m.fl. Bandleiar og trompetist Are Ovesen held svinghjula i gang og har fylt repertoaret med nye låtar – energiske swinggodbitar og uforgløymelege melodiar som gjer det umogleg å sitja stille.

Om du er danseglad, konsertklar, eller berre vil oppleva ekte storbandmagi – dette er kvelden du ikkje vil gå glipp av! Velkomen.
–––
Varigheit: om lag 3 timar inkludert 2 pausar.
Rullestolar og ledsagarar: Det er gratis inngang for ledsagarar på arrangementet. Rullestolplassar og ledsagarbillettar kan reserverast/kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no

Billetter

Sist oppdatert: 12/06/2025

Kilde: Visit Bergen

Oldtimers Nyttårsball 2026

Billetter

Sider du nylig har besøkt