Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Sunnhordland Sveio

Ole Paus & Ad Libitum m.fl. 'Det begynner å bli et liv – det begynner å ligne en bønn'

Overview

Ole Paus og Oslo Kammerkor hadde i 1998 prosjektet 'Det begynner å bli et liv – det begynner å ligne en bønn' – der seks songar av Paus kryssa seks salmar av Hans Adolph Brorson. Ole Paus, Ad Libitum, Sveio vokalgruppe og musikarar vil gjenskapa dette unike prosjektet. Musikarane har alle lokal forankring og er Ole Jacob Hystad (saksofon), Kjetil Olai Lundø (kontrabass), Torbjørn Økland (gitar) og Svein Ragnar Myklebust (tangentar/orkesterleiar).

Ole Paus skulle vera velkjent for dei aller fleste, ein allsidig og profilert norsk kunstnar - visesangar, musikar, forfattar og skodespelar. Han var ein av dei sentrale skikkelsane under visebølga i Noreg, og er kjent for sine satiriske og samfunnsrefsande tekstar, der han ofte med ein sterk brodd kommenterer politiske og dagsaktuelle spørsmål. I seinare år har han også markert seg med ein mjukare og meir poetisk stil, blant anna som tolkar av salmar.

Svein Ragnar Myklebust har eige studio i Stavanger og har musikken som levebrød. Han er ein eminent studiomusikar og orkesterleiar og har vore involvert i mange musikkoppsettingar på Sørvestlandet. Han er mellom andre engasjert av Rogaland Teater og NRK, og samarbeider med Hanne Krogh, Heine Totland, bluesartisten Reidar Larsen og mange fleire.

Torbjørn Økland var, saman med Øyvind Staveland, initiativtakar til Vamp, og var sentralt medlem i meir enn 20 år til han i 2014 starta bandet BLEST saman med 2 andre tidlegare Vamp-medlemmer. Økland er ein mykje nytta gitarist ved ulike høve.

Kjetil Olai Lundø er bassist og fødd i Haugesund. Han har, etter å ha studert klassisk kontrabass på Griegakademiet i Bergen 1998-2002, praktisert som frilansmusikar med jazz og improvisert musikk som hovudfelt. Lundø er medlem i Norchestra og Bergen Mandolinband, har spelt på dei største jazzfestivalane i landet og turnert med Rikskonsertane sidan 2005.

Ole Jakob Hystad er ein norsk jazzmusikar (tenorsaksofon) frå Stord. Han leiar Ole Jacob Hystad Quartet, har også spela i Bakeriet Bluesband, medverka på utgivingar med bluesmusikarane Atle Hansen, Lars Erik Drevvatne og Ole Amund Gjersvik, samt vore i bresjen for Stord Jazz- og Bluesfestival.

Ad Libitum er eit blandakor (SATB) med basis i Sveio Kommune. Koret vart stifta i 1983 og tel i dag ca. 30 songarar. Dirigent og leiar er Per Bjørn Habbestad. Samspel og samarbeid har vore - og er - ein raud tråd for koret, med årlege prosjekt/konsertar i lag med profesjonelle artistar og musikk-krefter – seinast åra med Sigvart Dagsland og Ola Bremnes for å nemna nokre.

Sveio Vokalgruppe er eit utsping frå Sveio barnekor med Ingrid Pedersen Furdal som leiar og dirigent. Vokalgruppa er eit tilbod til dei som veks ut av barnekoret, og tel i dag 14 songarar- jenter og gutar. Dei syng både klassisk, viser og anna repertoar.

  • Last Updated: 03.10.2019
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Dates

sø. 3. november 2019 19:00

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Ole Paus & Ad Libitum m.fl. 'Det begynner å bli et liv – det begynner å ligne en bønn'
Your Recently Viewed Pages