Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Omsetting: Haugtussa på tysk og dansk

Mer info

Diskusjon om Garborgs Haugtussa med oversettere Martje Vande Ginste og Niels Green-Hansen på Kapittelfestivalen, 18.-22. september 2024.

Garborgs Haugtussa (1895) lever livskraftig vidare 100 år etter forfattarens død. Forteljinga om den synske jenta Veslemøy som vinn over dei mørke kreftene rører stadig nye generasjonar, og har inspirert til nye kunstuttrykk heilt sidan Edvard Grieg kasta seg over boka i 1895.

Den bundne verseforma har samtidig gjort det svært vanskeleg å omsetta meisterverket til andre språk. I 2022 kom verket i sin heilskap ut på dansk for første gong, og i 2025 vert Haugtussa utgitt i Tyskland. Under Kapittelfestivalen er omsettarane blitt invitert til ein samtale om Haugtussa på Garborgsenteret. Martje Vande Ginste frå Tyskland og Niels Green-Hansen frå Danmark vil fortelja om deira felles begeistring for verket, og om utfordringane og moglegheitene ved å omsetta Haugtussa til eit anna språk.

Avdelingsdirektør Inger Undheim ved Garborgsenteret er samtaleleiar. Samtalen vil gå føre seg på norsk og dansk.

Om Martje Vande Ginste
Martje Vande Ginste er utdanna songar med post-master frå Orpheus Institute for musical research (Ghent, 2007). Ho spesialiserte seg på skandinaviske sangrepertoaret på originalspråket, med hovudvekt på "Haugtussa, opus 67" av Edvard Grieg. Som del av arbeidet utarbeidde ho ei handbok for utøvarar. Ginste er primus motor for Haugtussa Kollektiv, som i tillegg til bokprosjektet urframfører musikkteateret Haugtussa i Freiburg i november 2024. Haugtussa kjem ut på forlaget Rugerup i 2025.

Om Niels Green-Hansen
Niels Green-Hansen er pensjonert lærar og tekstforfattar. Hans danske gjendikting av Haugtussa vart utgitt på forlaget Hoff&Poulsen, København og fekk stjernemeldingar, blant anna av Politiken. Green-Hansens 20 år lange arbeid med Haugtussa spring ut av ein livslang fascination av og kjærleik til Noreg, som han har reist i mange gonger.

Arrangementet er ein del av Kapittelfestivalen, 18.-22. september 2024. Sjå kapittel.no for fullt program.

Arrangeres i samarbeid med Garborgsenteret.

Sist oppdatert: 09/10/2024

Kilde: Region Stavanger

Sider du nylig har besøkt