Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Open utstilling og sal av produkt frå Åsbergtunet

Mer info

Kvar laurdag i juli vil Fyresdal bygdemuseum i samarbeid med Vest-Telemark museum ha aktivitetsdag i Øyskogen.

Kvar laurdag i juli vil Fyresdal bygdemuseum i samarbeid med Vest-Telemark museum ha aktivitetsdag i Øyskogen. Fyresdal er ein kommune rik på handverk og tradisjon. Museet vil ha open utstilling med guide laurdag (og sundag!) kl. 11-17 desse helgene, og kvar laurdag vil me presentere lokale bedrifter og utøvarar av tradisjonshandverk, som stiller ut varer og produkt for sal og bestillingar. Øyskogen vil vere open for alle besøkande desse dagane!
Utstillinga i museumsbygget er basert på boka «Red River Girl» og fortel historia om ein familie som utvandrar frå Fyresdal til Amerika i 1860. Der blei dei grunnleggjarar av «Buffalo River Settlement», ikkje langt frå dagens byar Fargo og Moorhead, i 1871. Historia er fortalt gjennom bilete laga av kunstnaren Orabel Thortvedt som er 3. generasjon innvandrar i denne familien.

I dag, laurdag 6. juli, vil Vest-Telemark museum ha open utstilling. Anette Forsdal Halvorsen driv Åsbergtunet saman med Stein Lund Halvorsen i Fyresdal. Her driv dei med geiter, samt café og catering. I dag tek dei med salsboden til Øyskogen. Anette gler seg til å presentere nokre av gardens produkt som speltbrød, tekaker, kardemommeknutar, kjesuppe, geitemjølksåper, salver, leppepomade, masse god te og syltetøy.

Instagram: aasberg.tunet
Web: http://www.xn--sbergtunet-05a.no/

Sist oppdatert: 06/10/2024

Kilde: Vest Telemark

Sider du nylig har besøkt