Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Open utstilling og skinnfellarbeid

Mer info

Ingun Momrak-Haugan vil vise fram arbeid med skinnfellar i Øyskogen.

Kvar laurdag i juli vil Fyresdal bygdemuseum i samarbeid med Vest-Telemark museum ha aktivitetsdag i Øyskogen. Fyresdal er ein kommune rik på handverk og tradisjon. Museet vil ha open utstilling med guide laurdag (og sundag!) kl. 11-17 desse helgene, og kvar laurdag vil me presentere lokale bedrifter og utøvarar av tradisjonshandverk, som stiller ut varer og produkt for sal og bestillingar. Øyskogen vil vere open for alle besøkande desse dagane!
Utstillinga i museumsbygget er basert på boka «Red River Girl» og fortel historia om ein familie som utvandrar frå Fyresdal til Amerika i 1860. Der blei dei grunnleggjarar av «Buffalo River Settlement», ikkje langt frå dagens byar Fargo og Moorhead, i 1871. Historia er fortalt gjennom bilete laga av kunstnaren Orabel Thortvedt som er 3. generasjon innvandrar i denne familien.

Ingun Momrak-Haugan driv med skinnfellar, der ho trykkjer og syr på saueskinn frå eigne sauer. 13. juli vil ho vise fram forskjellig arbeid med skinnfellar i Øyskogen. Ingun vil óg drive med småarbeid som saum av skinnhjarte. Ho tek med seg utstyr slik at du også kan få prøve dette handverket! Det blir anledning til å kjøpe produkt ho har med, og ho tek og imot bestillingar.
Skinnfellarbeid var tidlegare eit raudlista handverk.

Instagram: ingun.momrak.haugan

Sist oppdatert: 06/10/2024

Kilde: Vest Telemark

Sider du nylig har besøkt