Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Open utstilling og smed på besøk

Mer info

På aktivitetsdagen i dag vil Jan Erik N. Klausen vise korleis han handsmir ei vikingøks.

Kvar laurdag i heile juli vil Fyresdal bygdemuseum i samarbeid med Vest-Telemark museum ha aktivitetsdag i Øyskogen. Fyresdal er ein kommune rik på handverk og tradisjon. Museet vil ha open utstilling med guide laurdag (og sundag!) kl. 11-17 desse helgene, og kvar laurdag vil me presentere lokale bedrifter og utøvarar av tradisjonshandverk, som stiller ut varer og produkt for sal og bestillingar. Øyskogen vil vere open for alle besøkande desse dagane!
Utstillinga i museumsbygget er basert på boka «Red River Girl» og fortel historia om ein familie som utvandrar frå Fyresdal til Amerika i 1860. Der blei dei grunnleggjarar av «Buffalo River Settlement», ikkje langt frå dagens byar Fargo og Moorhead, i 1871. Historia er fortalt gjennom bilete laga av kunstnaren Orabel Thortvedt som er 3. generasjon innvandrar i denne familien.

Jan Erik N. Klausen driv JE Klausen AS med base i Fyresdal. Smedyrket har vore i familien hans i generasjonar, og han kan lage det meste i stål og smijern. På aktivitetsdagen i dag vil han vise korleis han handsmir ei vikingøks. Han prøvar å få med seg nokre handlaga produkt, som steikepanner, lafteverktøy og kokkeknivar. Produkta til Jan Erik er svært populære og han har sjeldan varer på lager, så ynskjer du å kjøpe eit produkt gjeld det bokstaveleg talt å smi medan jernet er varmt!
Smedyrket er eit raudlista handverk.

Instagram: je_klausen

Sist oppdatert: 06/10/2024

Kilde: Vest Telemark

Sider du nylig har besøkt