Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Open utstilling - og to spanande kunstnarar

Mer info

I dag kan du møte Andreas Valebjørg og Odd Jørgensen på bygdetunet i Fyresdal.

Kvar laurdag i heile juli vil Fyresdal bygdemuseum i samarbeid med Vest-Telemark museum ha aktivitetsdag i Øyskogen. Fyresdal er ein kommune rik på handverk og tradisjon. Museet vil ha open utstilling med guide laurdag (og sundag!) kl. 11-17 desse helgene, og kvar laurdag vil me presentere lokale bedrifter og utøvarar av tradisjonshandverk, som stiller ut varer og produkt for sal og bestillingar. Øyskogen vil vere open for alle besøkande desse dagane!
Utstillinga i museumsbygget er basert på boka «Red River Girl» og fortel historia om ein familie som utvandrar frå Fyresdal til Amerika i 1860. Der blei dei grunnleggjarar av «Buffalo River Settlement», ikkje langt frå dagens byar Fargo og Moorhead, i 1871. Historia er fortalt gjennom bilete laga av kunstnaren Orabel Thortvedt som er 3. generasjon innvandrar i denne familien.

I dag kan du møte Andreas Valebjørg og Odd Jørgensen.
Valebjørg Design AS blei starta og drivast av Andreas Valebjørg i Fyresdal. Han samarbeider med bror Stian Valebjørg, og saman jobbar dei med kunst og designprosjekt i tre, stål, glas og betong - frå idé til ferdig produkt. Alt blir lagd for hand i ein kvalitet som varer i generasjonar.

Instagram: stian_valebjorgdesign
Web: www.valebjorgdesign.no

Bilethoggar Odd Jørgensen er busett i Marnardal der han og har sitt atelier. Han har i 25 år livnært seg av ulike kreative prosjekt for museum og attraksjonar. Arbeider i mange ulike materiale, med tre som favoritt. De siste åra har han lagd eigen kunst med tanke på utstillingar i ulike galleri. Han uttrykkjer seg for det meste i naturtru former med varierande tema. Leikar seg óg i det abstrakte og er på stadig jakt etter nye formar og uttrykk i grensesnittet mellom det tradisjonelle og moderne.

Instagram: odd.jorgensen
Web: www.oddjorgensen.no

Sist oppdatert: 06/10/2024

Kilde: Vest Telemark

Sider du nylig har besøkt