VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Møre og Romsdal HERØY (MØRE OG ROMSDAL)

Operagalskap

Overview

Operagalskap er ei forrykande framsyning med sopran Eir Inderhaug og pianist Jan Gunnar Sørbø, begge i fri utfoldelse. Saman presenterer dei eit vidtfemnande og virtoust program med utgangspunkt i operaens verd. Dei byr på elleville påfunn og gnistrande samspel i ei framsyning med hovudvekt på opera. Vi får òg innslag av samtidsmusikk og country. Det heile blir gjennomsyra av eit blendande klaverspel og stor stemmeprakt. Dette sjangeroverskridande programmet henvender seg til eit breitt publikum og rører dei fleste fasettar av dei menneskelege kjensleregistera
Eir Inderhaug (f.1974) er ein norsk sopran. Ho har utdanninga si frå Rogaland Musikkonservatorium, Opera Akademiet i København og solistutdanning ved Kgl. Danske Musikkonservatorium i København. Indarhaug vann NRKs Talentiaden i 1991. Ho har hatt opera-, operette- og musikal-roller i Tyskland, Sverige, Noreg, Belgia med meir. I Noreg har ho vore engasjert ved Den Norske Opera og Ballett, Les Misérables på Trøndelag Teater, Spelet om Heilag Olav på Stiklestad i tolv sesongar og Peer Gynt-stemnet ved Gålåvatnet 2007/2008. Hennes eiga framsyning Eg ER Lucia fekk strålande kritikkar og terningkast seks etter å vore spelt i Kristiansand, Trondheim og Oslo i 2017. «Ein operafest som bør fengja langt utover eit vanleg publikum» var Fædrelandsvennens skildring, medan Aftenbladet slo fast at «Eir imponerer stort».
Jan Gunnar Sørbø (f. 1982) er norsk pianist med utdanning frå Høgskolen i Stavanger, Noregs musikkhøgskule, Musikkhøgskolen i Hannover og Barratt-Due musikkinstitutt. Solistutdanninga si og offisielle debut har han frå Syddanske Musikkonservatorium i Odense. Internasjonalt har han halde konsertar i Danmark, Sverige, Georgia, Frankrike og Tyskland. I Noreg har han forutan solokonsertar markert seg som ein ypperleg kammermusikar og akkompagnatør i ei rekke samanhengar, mellom anna som pianist i Stavanger Klaverkvartett

  • Last Updated: 01.09.2020
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Dates

to. 15. oktober 2020 19:00 20:30

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Operagalskap
Your Recently Viewed Pages