Dynamic Variation:
Offers
Choose Language
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Hardangervidda Vinje

Opning Skinnarlandsamlinga 2018

Overview

Opning av salsutstilling med Hilde Mæhlum og Ole Storm. Arr: Nærstyret Vel møtt til ein hyggeleg kveld.

HILDE MÆHLUM
I fjellsida oppom Vierlid på Rauland vart det hausten 2017 avduka ein stor bronseskulptur laga av bilethoggar Hilde Mæhlum. Skulpturen heiter "Vidsyn" og det er ein fin trimtur, 15 – 20 minuttar, opp til denne frå bilvegen. Skulpturen er ei polera maske av bronse på eine sida og eit tilsvarande andlet på andre sida . Eit typisk Hilde Mæhlum motiv. Namnet Vidsyn er ein god karakteristikk av utsikten, men det er også ein eigenskap som skulpturen har. Når du går framom den så fylgjer han deg med augo så han ser deg om du er heilt ut i kanten av synsfeltet på den eine eller andre sida. Når du går framom skulpturen og kanskje myser og blunkar litt med augo vil nasa nokre gonger gå utover andre gonger gjeng den innover. 
Hilde Mæhlum er frå Notodden (født 1945), men bur og arbeider no i Oslo. Ho har ein grundige kunstutdanning med Kunstakademiet til slutt. Ho har arbeidd med kunst heile livet og har mange offentlege arbeid rundt omkring i Noreg. Arbeida på Rauland er det største ho har hatt. 

OLE STORM 
Ole Storm er fødd i Danmark i 1945. Det var også her han levde sine fyrste år, men han har no budd i Noreg meir enn halvparten av sitt liv. Ole busette seg på Rauland i 1982. Han har ein allsidig skulegang og studiar bak seg innanfor estetiske fag. Særleg dei siste 20 åra har han måla bilete på treplater og på utstillinga på Skinnarlandsamlinga i sumar vil han vise mange slike måleri. Ole har også måla akvarellar, laga teikningar og laga trearbeid. Motiva er i varierande grad abstrakte men har som oftast figurative enkeltelement. 
Ole er glad i naturen og bevaring av denne. Han også oppteken av historie. Både naturen og historia er bakgrunn i mange av hans bilete.

Biletet laga av Ole Storm.

Innstallasjon laga av Hilde Mæhlum.

  • Last Updated: 13.03.2018
  • Source: Vest Telemark
Dates

søn 24. juni 2018 18:00

See All
Opning Skinnarlandsamlinga 2018
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad