Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Sunnhordland Bømlo

Paiza Miwan

  • Bømlo folkebibliotek, Sentrumsplassen, Bremnes
  • 15. mars 2018 - 30. april 2018
  • (6 Upcoming Dates)
Overview

PAIZA MIWAN – kurdisk kunst på Bømlo folkebibliotek

Bømlo kunstlag ynskjer velkommen til utstillinga Paiza Miwan, ei gruppeutstilling med kurdiske kunstnarar. Utstillinga er eit samarbeid med Bømlo folkebibliotek og utstillinga vil henga i biblioteket i perioden 15.03 - 27.04.

Utstillinga er kuratert av biletkunstnar Kwestan Jamal Bawan.
Ho vil stå for opninga på Bømlo folkebibliotek 15. mars kl. 12.00.

Dei som ikkje får med seg opninga på dagtid er velkomne til føredraget Kurdisk kultur og språk med Tarik Hedi  kl. 18.00 same kveld, dette skjer også på biblioteket.

Paiza Miwan er ei gruppeutstilling med biletkunstnarar frå Kurdistan. Paiza Miwan betyr haustgjester på norsk, det er også tittel på ei diktbok av Sherko Bekas.
Målet med utstillinga er å skapa dialog mellom kunstnarar som har vakse opp i Irak, eit land i krig og oss i Noreg. Saman ynskjer ein å skapa ei kulturell utveksling og betra den kulturelle forståinga mellom Noreg og Kurdistan.
Kwestan har vore i Kurdistan og møtt kunstnarane og plukka ut nokre av deira verk som skal stillast ut på Bømlo folkebibliotek.
Ho har hatt fokus på at utstillinga skal presentera kunstnarar i ulike aldersgrupper.

Litt om kunstnarane:

Wahbi Rasool er lektor ved Fine Art Institute og Sulaymania Art College i Nord-Irak. Han har hatt utstillingar og seminar både i og utanfor Irak, mellom anna London.

Rebwad Saed har kunstutdanning og doktorgrad i Fine Art frå London. I dag er han rektor ved Suleymania Art College. Han har hatt stor utstillingsaktivitet i Irak,  USA, England, Tyskland og Japan. I 2009 vart han plukka ut til å stille ut i den kurdiske paviljongen på Veneziabiennalen.

Sakar Faroq har studert på Fine Art Institutt i Sulaymania og har delteke på ulike gruppeutstillingar i Irak, India, England, Egypt og Sverige. Ho er kunstlærar i Sulaymania og samarbeider med Kwestan gjennom kulturutveksling mellom Noreg og Kurdistan; KUMNIK.

Aryan Abubakr har studert på på Fine Art Institute og Sulaymania Art College. Han jobbar som lektor på ein ungdomsskule og er engasjert i eit aktivitetssenter for born.
I 2015 deltok han på Veneziabiennalen i den kurdiske paviljongen.

Ali Jolla er tidlegare rektor ved Fine Art Institute i Sulaymania og lektor ved Sulaymania Art College. Han har hatt mange utstillingar i store deler av verda. Han er Kwestan sin kunstlærar.

Kwestan Jamal Bawan står for opninga av utstillinga og vil m.a. visa ein video ho laga i sommar. Videoen omhandlar det nasjonale museet Amna Suraka i Nord-Irak. Bygget fungerte tidlegare som er eit av Saddam Hussein sine fengsel og torturkammer i Sulaymania og er i dag gjort om til kunstgalleri og museum.

  • Last Updated: 12.03.2018
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Dates

tirs 24. april 2018 10:00 15:00

ons 25. april 2018 10:00 15:00

tors 26. april 2018 12:00 19:00

fre 27. april 2018 10:00 15:00

lør 28. april 2018 10:00 13:00

man 30. april 2018 10:00 15:00

See All
Paiza Miwan
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad