VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Møre og Romsdal HERØY (MØRE OG ROMSDAL)

Pandemic Solution

Overview

Pianist Norvald Dahl er frå Fosnavåg og har nyleg gitt ut sitt tredje album som musikalsk leiar. Dei to siste platene er spelt inn i Fosnavåg Konserthus der Dahl har halde fleire konsertar. Under ´lockdown´ har Dahl nytta tida til å skrive ny musikk for trio og eit handplukka stjernelag av norske musikarar! Vi får høyre Dahl sine eigne komposisjonar så vel som godbitar frå den amerikanske songboka og med mykje improvisasjon. Bassist Ingebrigt Håker Flaten har sidan 1995 vore ei drivande urkraft i norsk jazz. Med sitt energiske spel har han vore ein sentral del i grupper som The Thing, Atomic, Free Fall, Scorch Trio og Kornstad/Håker Flaten Duo. I 2006 flytta han til Chicago og etablerte The IHF Chicago Quintet/Sextet, og har i dei seinare åra vore busett i Texas der han etablerte Austin-bandet Young Mothers. Flaten turnérer verda rundt og har bla spelt med musikarar som Frode Gjerstad, Dave Rempis, Bobby Bradford, AALY Trio, Ken Vandermark, Stephen Gauci, Tony Malaby, Daniel Levin, Dennis Gonzalez og mange fleire. Trommeslagar Håkon Mjåset Johansen har posisjonert seg som ein av dei fremste musikarane landet vårt har å by på, og blei i 2008 utpeikt som den første NTNU-jazzambassadør, ein tittel som årleg tildelast ein jazzartist eller -gruppe som "på ein fremragande måte fungerer som ambassadør for NTNU og jazzmiljøet i Trondheim." Han gjekk ut fra Jazzlinja ved NTNU i 1995 og slo tidlig igjennom med trioen Urban Connection og blei så kåra til «Årets unge jazzmusikere» i 1998. Samtidig var han medvirkande i profilerte grupper som Motif, Come Shine og Trondheim Jazz Orchestra som spelte med Chick Corea på Moldejazz i 2000. Mjåset Johansen har og spelt med store stjerner som Michael Brecker, Steve Grossman, Jan Garbarek, Mark Turner, Roger Kellaway, og Nils Petter Molvær. I 2013 vann han DnB-prisen på Kongsberg Jazzfestival.

  • Last Updated: 27.08.2020
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Dates

sø. 18. oktober 2020 19:00 20:30

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Pandemic Solution
Your Recently Viewed Pages