Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Pippi feirer jul

Kjøp billetter her

Knallsuksessen frå Chat Noir i Oslo legg ut på ein etterlengta Norgesturné!

Pippilotta Viktualia Rullgardina Krusemynte Efraimsdatter Langstrømpe, eller ganske enkelt Pippi, er i full gang med juleførebuingane. Men skal ho feire jula aleine? 

Fru Prysselius vil ha Pippi på barneheimen i jula. Men Pippi vil ikkje på nokon barneheim. Ho kjenner seg slett ikkje einsam. Ho har jo både Herr Nilsson, apen sin, og Lille Gubben, hesten, og sanneleg har det ikkje flytta inn ein ny liten ven i veggen hennar. Dessutan kjem det sikkert nokon på besøk. Blom og Dunder-Karlsson vil nok prøve å stjele litt julepenger og det er alltid morosamt å leike med politikonstablane Kling og Klang. Tommy og Annika må jo feire jula heime, men dei vil gjerne vere saman med Pippi òg. Kanskje dei har ein plan?

Ein ting er sikkert: Det hender både morosame, spennande og litt rare ting når Pippi feirer jul.

Regi: Bjørn Sæter
Scenografi: Per Olav Austdahl
Kostymer:
Marianne Forsberg
Musikalsk
arr: Arve Furset/Marius Podolski
Produsent:
Victoria Productions AS

Framsyninga varer i om lag 60 minutt.
Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no

Billetter

Sist oppdatert: 06/22/2025

Kilde: Visit Bergen

Pippi feirer jul

Billetter

Sider du nylig har besøkt