Platons drikkegilde
- Øvre Ole Bulls Plass 6, Bergen
-
10. februar 2023 - 12. februar 2023
- (3 Upcoming Dates)
I ei tid som er prega av frykt, ser vi at vi treng å snakka om kjærleik. “Platons drikkegilde - samtalar om kjærleik” vart spelt på Det Vestnorske Teateret under Festspillene i Bergen våren 2022, og fekk ei fantastisk mottaking med utselde hus. Den 10. - 12. februar vert det nye høve til å oppleva denne perla av ei framsyning.
Varigheit ca 1 t og 45 min.
“På en enkel og sympatisk måte hadde regissør og skuespiller Vibeke Flesland Havre satt Platons fortelling “Drikkegildet i Athen” i dialog med samtiden. (...) Forestillingen var blant mine beste opplevelser under Festspillene i Bergen!” - Keld Hyldig, Norsk Shakespeare Tidsskrift.
Du veit den festen alle snakkar om? «Platons Symposion», eller «Drikkegildet i Athen», er eitt av Platons mest kjende verk, der han skildrar ein sagnomsust fest han sjølv ikkje var med på.
På festen vart gjestane invitert til å halde kvar sin tale om kjærleik, og spesielt talen til Sokrates har fått mykje merksemd i ettertid. Sokrates snakkar mykje om den kloke Diotima, kvinna som lærte han å forstå kjærleikens kraft. I vår forteljing er Platon bartender, Diotima nattklubbsongerinne og Sokrates stamkunden i baren. Annlaug Børsheim har rolla som orakelet Diotima. Ho har valt ut ei rekke kjærleikssongar som so syng og akkompagnerer med fele og gitar. Også her inviterer vi ulike menneske til å halde kvar sin tale om kjærleik. Talarane er lokale folk som har ordet i si makt, og det vil vere nye talarar kvar kveld.
Skodespelar og scenekunstnar Vibeke Flesland Havre har rolla som Platon.
Ho introduserer talarane, leier samtalen og saman med Harald Ottesen Nødtvedt som Sokrates og Annlaug Børsheim som Diotima, fortel ho om det berømte drikkegildet i Athen.
Kunstnarleg lag
Vibeke Flesland Havre: Manus, regi, skodespelar
Ingrid Morken: Idé
Annlaug Børsheim: Musikalsk ansvarleg, songar, skodespelar
Harald Ottesen Nødtvedt: skodespelar
Julie S. Jensen: Kostyme, visuell idé
Silje Grimstad: Lysdesign
Mari Watn: Plakatdesign
Framsyninga er produsert i samarbeid med VFH produksjoner, Festspillene i Bergen og Det Vestnorske Teateret.
- Last Updated: 26.01.2023
- Source: Visit Bergen
Platons drikkegilde
- 10. februar 2023 - 12. februar 2023
- What's Nearby